Nyheter

Får ikkje skifte kommune

Grender i Vaksdal får ikkje gå over til Modalen av di det kjem kraftinntekter frå området. No kan loven bli endra.

Publisert Sist oppdatert

Kommunaldepartementet avgjorde tysdag at Eksingedalen bygdaråd og Eidslandet grendalag får nei på søknaden om å skifte frå Vaksdal til Modalen kommune.

Om grendene hadde skifta kommune, ville Vaksdal ha mista kraftinntekter. Departementet skriv på eigen nettstad at inndelingslova, som gjeld ved kommunesamanslåingar, ikkje tek omsyn til kva som skal skje med kraftrelaterte inntekter.

Departementet skal no vurdera ei lovendring for grensejusteringssaker, slik at dei økonomiske konsekvensane blir føreseielege, heiter det.

Statssekretær Dag-Henrik Sandbakken (Sp) seier til Kommunal Rapport at det er naturleg at inntektene går til kommunen der kraftområdet ligg, men at det samstundes ikkje må vere slik.

– Det økonomiske oppgjeret ville vore uklårt om grensa vart justert. Vi må sjå om det er naudsynt å endre lova slik at kraftrelaterte inntekter vert omfatta av inndelingslova. Poenget er at folk skal vite kva skifte av kommune vil tyde på kort og lang sikt, seier Sandbakken.

Både naturressursskatt, konsensjonskraftinntekter og eigedomsskatt kan bli påverka om eitt kraftområde flyttar frå ein kommune til ein annan. Det er ikkje sikkert at desse tre inntektene skal handsamast på same måte, poengterer statssekretæren.

Folket delt

Folkerøystinga i Vaksdal sa nei til å gje slepp på kraftbygdene til Modalen, medan innbyggarane i Modalen røysta ja til å ta dei i mot. Fylkesmannen i Hordaland ville ikkje endre grensa, og departementet har altså konkludert med det same.

– Særleg dei kraftrelaterte inntektene har gjort saka utfordrande. Vaksdal kommune har store kraftrelaterte inntekter frå det omsøkte området, som dei vil miste ved ei grensejustering. Eg var i utgangspunktet stemt for ei grensejustering, men eg ser at utsikkerheita rundt det økonomiske oppgjeret gjer ei grensejustering krevjande, særleg for Vaksdal. Eg har difor bestemt at det ikkje vil vere tilrådeleg å gjennomføre ei grensejustering no, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

– Denne saka har vist oss at det er behov for å sjå på lovverket. Det vil difor bli satt i gang eit utgreiingsarbeid for å vurdere eventuelle endringar i inndelingslova. Dette ønskjer eg å gjere for å sjå om det er mogleg å hindre at økonomien kjem i vegen for grensejusteringar som elles er fornuftige, seier statsråden.

Det er ikkje klårt når departementet si vurdering vil vere klar.

Powered by Labrador CMS