Nyheter
Beklagar åtak på administrasjonen
Lærdal-ordføraren skreiv internt politisk notat med sterke skuldingar mot økonomistyringa i kommunen.
Ordførar Arne Sanden (Ap) kritiserer i sterke ordelag administrasjonen i Lærdal, i eit internt notat som han har sendt til sine partifeller i Ap og til Sp. Dei to partia styrer kommunen i lag. Førre rådmann slutta etter ein hard strid med ordføraren, og no held kranglinga fram.
For nokre dagar sidan vart det kjent via NRK Sogn og Fjordane at ordføraren hadde skrive notatet, der han mellom anna kritiserer den tidlegare rådmannen og heile administrasjonen for ikkje å ha kontroll over økonomien. «Kvifor skal me nytte mykje tid på politisk arbeid, når administrasjonen likevel ikkje bryr seg», skriv ordføraren. Han meiner administrasjonen har skulda for 30 millionar kroner i meirforbruk dei siste åra.
– Skulle aldri vore sendt
«Me har ikkje kontroll på økonomi og budsjett i kommunen», skriv ordføraren.
Sanden var for eitt år sidan i hard strid med den tidlegare rådmannen i kommunen, som slutta i sommar.
Ovanfor Kommunal Rapport vil ikkje Sanden kommentere notatet ytterlegare, men han beklagar at han skreiv brevet.
– Eg tek heile ansvaret for det som står i notatet. Ein del av notatet vart skrive i stor frustrasjon, og skulle aldri vore sendt. Det beklagar eg sterkt. Eg har sendt eit brev til dei tilsette der eg skriv at eg er oppriktig lei meg for det eg har gjort. Dette er ikkje mi oppriktige meining om dei tilsette, seier ordføraren.
Sanden har tidlegare meldt til Kommunal Rapport at han ikkje vil stille til attval som ordførar neste haust. «Nok er nok», var kommentaren frå han. Sanden la til at personfokus og personforfølgjing var det verste ved å vere ordførar.
Ordføraren seier til Kommunal Rapport at han vil arbeide saman med den nye rådmannen, Alf Olsen jr., for å løyse problema som finst, og skryt av Olsen for arbeidet han har gjort med budsjettet sidan han starta i jobben for to månader sidan.
Frå krise til lys himmel
I intervjuet gir Sanden eit anna bilde av økonomien i Lærdal enn det som kjem fram i partinotatet.
– Vi har hatt ein bekymringsfull auke i driftsutgiftene dei siste åra, og vi må ha eit driftsnivå vi kan leve med over tid. Men det er ikkje nokre mørke skyer i 2011. Lærdal er ikkje ein kommune i krise, seier Sanden.
Tidlegare rådmann Bent Arild Grytten er den som får mest kritikk i notatet. Han byrja i sommar som rådmann i Hareid på Sunnmøre. Grytten seier til Kommunal Rapport at han ikkje ønskjer å kommentere saka ytterlegare. NRK har tidlegare meldt at Grytten vurderer eit søksmål mot ordføraren. Hareid-rådmannen strekar under at han ikkje har planar om slikt, ut frå det som til no har kome fram.
– Grovt krenkande
Eksrådmannen har derimot sendt eit notat til kommunestyret i Lærdal, der han går i møte med ein del av påstandane som ordføraren kjem med i sitt notat.
– Uttalane er grovt krenkande, og sjølv om det siste eg vil er å hamne i klammeri med Sanden igjen, kan eg ikkje la være å komme med korrigerande kommentarar, skriv Grytten i notatet.
Han avviser mellom anna påstandar frå ordføraren om at politikarane ikkje var informert om viktige avgjerder.
– Politikarane må ta ansvar for å få slutt på denne uverdige situasjonen, som har skada omdømet til Lærdal for lang tid, åtvarer Grytten i brevet.
–Søk hjelp!
– Lærdal kommune bør oppsøke profesjonell hjelp for å løyse den stadig pågåande konflikten mellom ordføraren og administrasjonen, seier organisasjonspsykolog Henning Bang til NRK Sogn og Fjordane.
Ei meiningsmåling frå januar i år synte at seks av ti innbyggarar ikkje hadde tillit til ordføraren.