Nyheter

Vestnes sier ja til bomfinansiering

Vestnes formannskap stemte i går ja til delfinansiering av Vågetunnelen og Tresfjordbrua med bompengar.

Formannskapet godtek samtidig bompengar for gjennomgangstrafikken rundt Tresfjorden, men vil skåne lokaltrafikken, skriv nettavisen til Romsdals Budstikke.


Det var knytt stor spenning til møtet i Vestnes formannskap, som var det første i den politiske prosessen med behandling av innstillinga frå Statens vegvesen i Vestnes og Rauma.

Sjefingeniør Svein Solbjørg frå Statens vegvesen var invitert til møtet, og han fastslo nok ein gong at bompengar rundt Tresfjorden må til for å sikre finansieringa av dette prosjektet

- Det er viktig at vi har samsvarande vedtak både i Vestnes kommune, Rauma kommune og fylkeskommunen når det skal sendast bompengesøknad til Stortinget, sa Svein Solbjørg.
Reaksjonane på forslaget om bompengar rundt Tresfjorden har vore sterke etter at saka først vart kjent gjennom lokalavisen Romsdals Budstikke rett før påske.

Då saka kom opp i formannskapet i Vestnes i går, sette Frp fram eit forslag om å dele prosjektet og ta bort Vågetunnelen som bomprosjekt. Partiet viste til andre store rassikringsprosjekt som Oppdølsstranda og Stranda-Hellesylt og milliardprosjektet Kvivsvegen, der Staten betalar alt.

- Dette må også gjelde for Vågetunnelen, foreslo Frp. Partiet godtek delvis bomfinansiering av Tresfjordbrua, men under føresetnad at det ikkje blir bompengar rundt Tresfjorden. Frp vil også ha folkeavstemming i bygdelag som blir ramma, før saka kjem opp i Stortinget til endeleg avgjerd.

Under avstemminga mangla Frp berre ei stemme på å få vedtatt forslaget, som vart nedstemt med fire mot fem stemmer. Ein representant frå Ap stemte med Frp.

Skrevet av: Line Holand

Powered by Labrador CMS