Nyheter

Slåss for pengar til fleire

36 fleire kommunar må få distriktstilskot i inntektssystemet, krev fleire ordførarar. Dei vil ha endring frå 2011.

Publisert Sist oppdatert

Då det nye inntektssystemet vart innført for nokre år sidan, kom det eit nytt tilskot inn i systemet: Distriktspolitisk tilskot. Utgangspunktet for dette er det såkalla distriktspolitiske verkemiddelområdet, som deler distriktskommunane inn i forskjellige soner. I tillegg vert det laga ein distriktsindeks, som skal fortelje kor store utfordringar den einskilde kommune har.

65 kommunar i Sør-Norge får pengar via dette tilskotet, som i år til saman er på 329 millionar kroner.

No ligg det føre eit forslag om å auke denne potten med mellom 117 og 161 millionar kroner, alt etter kva modell ein vil ha. Samstundes er forslaget å gje tilskotet til 36 kommunar til, dei som i dag ligg i sone 2 og sone 3 i dette verkemiddelområdet.

I dag får nokre kommunar i sone 3 tilskot, men berre om dei har ein distriktsindeks på 46 eller lågare. Skalaen går frå 1 til 100. Di høgare tal, di betre rusta skal kommunen vere til å takle utfordringar, ifølgje indeksen.

Tilfeldig grense?

– Mange kommunar føler det er ei kunstig inndeling slik distriktstilskotet fungerer i dag. Indeksen som er laga, vert det lagt stor vekt på opp til grensa på 46. Er du over 46, er det brått null kroner. Det er klårt at det er skjønn som ligg bak dette, seier Kjetil Lie ved Telemarksforsking-Bø, som er ansvarleg for å utgreie modellen i det nye forslaget.

I forslaget ligg det inne at alle skal få eit basistilskot. Dei som har ein dårleg indeks, skal få meir enn dei som har god. I tillegg skal einskilde kommunar få eit veksttilskot, basert på utviklinga i folketal.

Modellen har fem variantar over same tema, der det i hovudsak skiljer kor mykje pengar som er lagt inn. Det ligg òg føre eit forslag om korleis ein kan dekkje inn mesteparten av pengane – ved å ta frå dei særskilte skjønnsmidlane som Fylkesmannen i dag fordeler.

I modellen ligg det inne at dei kommunane som får distriktspolitisk tilskot i dag, stort sett skal få litt meir tilskot. På den måten unngår forslagsstillarane å spele kommunar ut mot kvarandre.

Ordførar Arne Storhaug (Ap) i Bø har teke initiativ til forslaget. Arbeidsgruppa som er nedsett har invitert alle dei 101 kommunane til å vere med i det vidare arbeidet.

Forslaget er presentert for statssekretær Dag-Henrik Sandbakken (Sp) i Kommunaldepartementet. No håpar Storhaug på eit møte med dei raudgrøne politikarane i kommunalkomiteen på denne sida av påske. Målet er å få med endringane når Kommuneproposisjonen for 2011 vert handsama i vår.

– Regjeringa har erkjent svikt

Storhaug var ikkje nøgd med dei endringane som vart gjort i inntektssystemet sist. Han peiker på at Bø kommune har god utvikling i folketalet og mange positive trekk, men at kommunen jamvel vert straffa økonomisk.

– Vi har litt av dei same problema som nokre av dei store vekstkommunane, men vi fell mellom fleire stolar på dette. Fleire andre kommunar opplever det på same vis. Regjeringa sjølv har erkjent at det er ein svikt i systemet, ved å gje 100 millionar kroner i ekstra skjønn som fylkesmennene skal dele ut. Vi tykkjer det er ein litt kunstig situasjon. Vi har eit inntektssystem med svakheiter som vi overlet til byråkratiet å rette på.

Storhaug peiker på at dei kommunane som no krev distriktspolitisk tilskot, ikkje er rikingar som feitar seg opp på kraftpengar.

– Vi skal ha dei same velferdstenestene som andre, men då kan ikkje deiøkonomiske moglegheitene vere så forskjellige, seier Bø-ordføraren.

Dette får kommunane

Slik vil kommunar som i dag ikkje får distriktspolitisk tilskot kome ut om ein av modellane frå Telemarksforsking vert nytta (tal i millionar kroner):

            Min            Maks

0119 Marker            1,2            1,4

0402 Kongsvinger            4,2            5,1

0418 Nord-Odal            1,6            1,8

0521 Øyer            1,1            1,8

0542 Nord-Aurdal            1,3            2,2

0616 Nes            0,9            1,4

0617 Gol            1,0            1,7

0807 Notodden            3,1            3,8

0821 Bø            2,0            2,6

0914 Tvedestrand            1,8            2,1

0919 Froland            1,5            1,9

0928 Birkenes            2,3            2,6

1003 Farsund            2,5            3,0

1029 Lindesnes            1,5            1,9

1032 Lyngdal            3,1            3,8

1160 Vindafjord            1,5            2,7

1216 Sveio            1,6            2,1

1219 Bømlo            1,8            3,4

1241 Fusa            0,9            1,5

1260 Radøy            1,9            2,4

1401 Flora            3,0            3,5

1420 Sogndal           2,0            2,3

1432 Førde            3,7            5,5

1505 Kristiansund            5,4            6,6

1515 Herøy            1,5            2,7

1516 Ulstein            1,4            2,9

1517 Hareid            1,8            2,3

1519 Volda            2,3            2,8

1528 Sykkylven            1,4            2,5

1534 Haram            1,5            2,8

1548 Fræna            2,5            3,0

1551 Eide            1,2            1,4

1621 Ørland            1,6            1,8

1638 Orkdal            4,7            5,6

1719 Levanger            4,5            5,4

1729 Inderøy            1,8            2,0

Kjelde: Telemarksforsking.

Powered by Labrador CMS