Nyheter

Rekordår i Kommunalbanken

Lånte ut 43 nye milliardar til Kommune-Norge i fjor. Lånefesten held fram i år.

Publisert Sist oppdatert

Finanskrisa er ikkje noko Kommunalbanken har merka særleg til. Selskapet, som staten no eig fullt ut, fekk eit netto resultat i 2009 etter skatt på 1,4 milliardar kroner. Nokre av forklaringa på at banken fekk eit rekordår er særlege inntekter knytt til finansmarknaden, men samstundes var aktiviteten i lånemarknaden svært høg.

Kommunal og fylkeskommunal sektor tok opp 43 milliardar kroner i nye lån hjå Kommunalbanken i fjor. Nokre vart nedbetalt, så samla auka utlån med 33 milliardar kroner. Kommunalbanken har no 47 prosent av marknaden, mot 41 prosent for eitt år sidan. 

Liten konkurranse

Ei orsak til veksten er at den andre store kommunebanken, Kommunekreditt, ikkje kunne tilby lån etter at dei førre eigarane, Eksportfinans, fekk problem.

– 2009 er eit spesielt år. Vi har ein vekst i utlån vi aldri hadde klart tidlegare, samstundes som eigenkapitalen aukar. Tidlegare har vi bedd eigarane om auka eigenkapital for å vekse vidare, no har ikkje det vore naudsynt, seier administrerande direktør Petter Skouen til Kommunal Rapport.

Han meiner marknaden fungerer noko betre no i år, sjølv om mindre lån med lang avdragstid framleis kan vere vanskeleg å finansiere. Ifølgje Skouen og viseadministrerande direktør Siv Galligani er interessa frå kommunane framleis stor. Ei orsak kan vere at nokre kommunar som tek opp lån tidleg på året, plasserer dei i pengemarknader der dei kan få høgare avkastning enn det eit vanleg lån i spesialbankane kostar.

– Det kan synest som om mange kommunar ønskjer å finansiere prosjekta sine på førehand, seier Skouen.

Sjølv om tiltakspakka frå regjeringa til kommunane i fjor skulle gå til vedlikehald, har den òg hatt effekt på investeringane, er konklusjonen i Kommunalbanken. Det skuldast mellom anna at kommunane heller byggjer nye skular og sjukeheimar, framfor å flikke på dei gamle.

153 milliardar i utlån

Sjølv om Kommunalbanken no dominerer kommunemarknaden klårt, er det langt fram til førehalda i Danmark, der danske Kommunekreditt har 85 prosent av marknaden, fortel direktøren. Men han strekar under at vekst ikkje er eit mål i seg sjølv.

– Det er greitt når ein er eigd av staten og har som oppgåve å sikre konkurransen i marknaden. Kommunane må sjå på sine bankførehald på fritt grunnlag. Men eg veit ikkje om det er samfunnsmessig rett at kommunane skal låne dyrare hos andre enn kva dei kan gjere hos oss, seier Skouen.

Kommunalbanken forvaltar verdiar på 232 milliardar kroner. 153 milliardar er utlån. Kommunane har lånt 120 milliardar, fylkeskommunane 14 milliardar og interkommunale selskap og andre selskap som driv kommunale tenester har lån for 17 milliardar kroner. Kjernekapitaldekninga var 31. desember på 9,25 prosent

KLP tok i fjor over konkurrenten Kommunekreditt. Samstundes gjekk selskapet ut som eigar av Kommunalbanken, der pensjonsselskapet tidlegare satt med 20 prosent.

Styret i selskapet foreslår eit utbytte på 67 millionar kroner, og eit ekstraordinært utbytte på 200 millionar kroner.

Retting: I første versjon kom vi i skade for å skrive at det var Eiendomskreditt som var tidligere eier av Kommunekreditt. Det riktige er Eksportfinans. Vi beklager.

Powered by Labrador CMS