Nyheter

På svartelista i evig tid

Nye innbyggarar og krav om bokmål slit på økonomien i Meland. Kommunen har no vore på svartelista i ti år. Framleis er det et godt stykke fram til namnet kan viskast ut.

Publisert Sist oppdatert

MELAND

Utanfor Flatøy skule står fungerande rådmann Kari Anne Iversen og fortel om utfordringane i Meland kommune. Skulen er tom. Den vart opna i 1937 og har vore i bruk sidan. Men i fjor haust opna han ikkje etter skuleferien. Dei 50 elevane får no nokre minutt i skulebuss på veg til storskulen i sentrum. Skulen måtte leggjast ned for å få betre økonomi.

Rådmannen kjenner skulen betre enn mange andre. Hennar første jobb i Meland var som lærar på Flatøy. Men ho har ikkje mange sentimentale kjensler knytt til nedlegginga. Ifølgje rådmannen er det ingen som i ettertid har klaga på den nye skulen av di dei ville behalde den gamle. Det faglege miljøet vert òg større for lærarane.

Å leggje ned ein skule er berre eitt av tiltaka i ein kommune som straks har vore på Robek i ti år. Sommaren 2001, medan registeret framleis var nytt og ganske ukjent, hamna Meland der. Orsaka var dårleg økonomi. Sidan har økonomien halde fram med å vere svak, og plassen på svartelista har vore trygg.

Meland er nabokommune til Bergen, og med Nordhordlandsbrua har folketalet auka sterkt dei siste åra; opp over 1.000 på fem år.

Byggeprosjekta er mange rundt kommunesenteret på Frekhaug, for fleire vil flytte ut av byen.

Å vekse aukar den økonomiske skvisen, meiner kommunen. Nye innbyggarar treng tenester raskare enn dei gjev rammetilskot og skatteinntekter.

I tillegg er det eit problem når byfolka frå Bergen kjem til nynorskkommunen Meland med ungane sine: Bergensarane vil ikkje ha noko av at borna skal ha nynorsk som hovudmål. Er det meir enn ti som krev bokmål, må klassen skiljast i to. Ei slik deling kostar kommunen 500.000 kroner i året. Ein skule må no byggjast ut for å gje plass til ein ny bokmålklasse. Opplæringslova har rangen føre den kommunale økonomien.

– Store utfordringar

Meland er ein av nokre få kommunar som har vore i Robek i ti år. Felles for dei alle er at dei får lære Fylkesmannen å kjenne. Han skal godkjenne budsjett, lån og leigeavtalar.

– Meland har store utfordringar som ganske liten kommune med høg vekst i folketalet. Det viktigaste er at problema ikkje aukar ytterlegare. Eg vågar ikkje spå når dei kan vere ute av Robek, seier Håvard Rød, spesialrådgjevar og veteran i arbeidet med Robek-kommunar hos Fylkesmannen i Hordaland.

– Investeringane i kommunen har vore naudsynte, men dei har òg vore ei stor økonomisk bør.

Rundt om i landet er det vekslande praksis hos Fylkesmannen, men i Hordaland får alle kommunar tilbakemelding på sine budsjett, ikkje berre dei som er i Robek. Kommunane gjev uttrykk for at dei ønskjer det slik, seier Rød. Men det er i hovudsak resultata i rekneskapen og påfølgjande manglande inndekking som leiar til ein plass på lista.

– Dei fleste vert registrert av di dei har underskot som ikkje har vore dekka inn tidsnok. Å hamne i Robek kan nok tyde at det vert lettare å få ei forståing om problema som kommunen har.

Rød meiner det har vore ei positiv utvikling sidan registeret vart oppretta for ti år sidan.

– Eg har eit inntrykk av at det er lettare å få forståing for problema i kommunen. Fleire erkjenner problema når dei er der. Så er det heller ingen som ønskjer å ha status som Robek-kommune.

Ønskjer seg ut i 2013

Ordførar Nils Marton Aadland (H) vil slett ikkje vere i Robek. Ti årpå svartelista vert ikkje feira med kake, etter det Kommunal Rapport forstår, når vi møter kommuneleiinga i den heilt nye delen av rådhuset.

Ja, for nytt rådhus har dei altså råd til. Her er mellom anna Nav og heile administrasjonen samla. Prosjektet skapte strid i valkampen for fire år sidan. Ordførar Aadland var den gongen ein av dei som var mot heile bygginga medan han kjempa for å vinne valet.

– Målet er å kome ut av Robek så snart som mogleg.

Sjølv har Aadland vore aktiv i lokalpolitikken i fleire periodar og sat i formannskapet før han vart ordførar i 2007. No trur han kommunen kan ha dekka inn gamalt underskot i 2013.

– Dei siste fire åra har vi teke tøffe grep, auka inntektene og kutta kostnadane.

Ei inntekt kommunen har fått, er eigedomsskatt på hus og hytter. Det har ikkje vore politisk populært, og satsen er berre 3 promille – mot maks 7.

– Signala frå Fylkesmannen var at vi ikkje ville få skjønnsmidlar, om vi ikkje tok eigedomsskatt i heile kommunen.

Kommunen har faste møter med fylkesmann Lars Sponheim og spesialrådgjevar Rød.

– Då leitar vi etter løysingar. Utfordringa vår er ikkje Fylkesmannen, men at vi har brukt for mykje pengar, seier ordføraren.

– Eller hatt for små inntekter, skyt økonomisjef Kjell Hjertås inn.

Fungerande rådmann Iversen er ikkje i tvil om at kommunen starta for seint med å ta utfordringane alvorleg, når ho no ser seg tilbake.

– Vi forventa kanskje at ting skulle gå over. Men vi måtte ta grep sjølv, seier ordførar Aadland.

Rådmann gjekk på dagen

Det hjalp ikkje at kommunen i november i fjor oppdaga at han hadde betalt ut 7 millionar kroner for mykje i stønad til dei private barnehagane i kommunen. Meland har berre to kommunale barnehagar, resten er private. Rådmannen måtte gå etter 35 år i stillinga.

Kari Anne Iversen har leia administrasjonen sidan, men er glad det kjem ny rådmann i august – med erfaring frå arbeid med kommuneøkonomi hos Fylkesmannen.

– Rapporteringa til politikarane er mykje hyppigare enn før, og den politiske organiseringa endra, slik at formannskapet no ikkje lenger har vanlege plansaker. I staden for at økonomi vart eit tema heilt på tampen av møta, er det no det som dominerer sakskartet, seier ho.

Netto driftsresultat i Meland har vore ganske bra dei siste to åra, etter eit katastrofalt 2008. Ifølgje fungerande rådmann Iversen skuldast 2008-resultatet at ein rekna med å få inn meir eigedomsskatt, men fekk knapt med tid og måtte utsetje innføringa i eitt år. Samstundes vart lønsoppgjeret svært dyrt for kommunen.

«Meland i balanse», er parolen no. Gjennom eit prosjekt i særleg 2008 og 2009, kom det fram ei rekkje nye forslag til korleis ein kunne drive betre.

Målar barnehagen på dugnad

Å vere på Robek tyder mellom anna at Fylkesmannen seier kor mykje kommunen kan låne; eller rettare – kor store avdrag og renter ein har råd til å betale kvart år. Kommunen har mellom anna ikkje fått låne pengar til å byggje ny barnehage. Det manglar barnehageplassar i Meland, men det finst planar for nok ein privat barnehage her. Kommunen sjølv har berre to barnehagar.

Gunn Knutsen leiar dei begge. Den eine, Marihøne, har 33 ungar og ligg like ved det nye rådhuset. Ho kan ikkje garantere plass tilinnflyttarane.

– Vi veit at mange er på veg til å flytte hit, som vi ikkje vil ha plass til. Den planlagde utbygginga er lagt på is. Her vert nesten ikkje investert i utstyr, og vedlikehald skjer ikkje. Vi har sjølv malt veggane inne her på Marihøne på dugnad med foreldra og litt hjelp frå teknisk etat. Vi tenkte at vi ikkje kunne sjå ut som ei rønne og måtte ta tak sjølv, når dei private barnehagane vart så flotte.

Knutsen vil gjerne ha ein ny barnehage som kan erstatte den gamle Marihøne.

– Det er viktig at kommunen driv barnehage. Om ein sjølv ikkje er eigar, veit ein så lite om drifta. Vi driv ikkje dyrt. Dei private barnehagane har fått sjokk når dei får tilskotet sitt – men dei får det same som vi gjer.

Førebels er det altså ikkje pengar. Kommunen har framleis knapt 8 millionar kroner som enno ikkje er dekka inn. Økonomisjef Hjertås teiknar ikkje noko lysteleg bilde av framtida.

– Vi må ta nye grep. Allereie i år har vi store utfordringar. Nokre har vi løyst. Men hender det noko uføresett, har vi ikkje noko å ta av. Økonomien er ikkje friskmeldt.

Meland kan bli ståande lenge i Robek.

Powered by Labrador CMS