Nyheter
Lukka marknad innan pensjon
Høge kostnadar ved å skifte leverandør av kommunal pensjon gjer at få kommunar har anbod.
Det går fram av ein rapport som Konkurransetilsynet har laga. Rapporten er ein del av eit arbeid Helsedepartementet har starta, for å sjå om helseføretaka kan ha anbod på sine pensjonsordningar – som i dag er samla i KLP.
Tilsynet syner til at det berre er tre selskap i marknaden, i tillegg til dei sjølvstendige pensjonskassane. Det vert ikkje fleire aktørar, av di det er vanskeleg for nye selskap å etablere seg i ein svært spesialisert marknad.
Samstundes er det få anbod kvart år. Ein grunn er at kostnadane er for høge. I tillegg kan det sjå ut som om kommunane er usikre på reglane. Tilsynet syner til ein rapport frå Econ Pöyry der reglane er tolka som at når ein først har anbod, må det gjentakast om lag kvart femte år.
Tilsynet kjem ikkje med konkrete tilrådingar om nye reglar, men syner berre til at Forbrukar- og administrasjonsdepartementet no arbeider med å avklare kva gjeldande rett seier om plikten til å halde anbod – og i tilfelle kor ofte.
– Ei plikt til å leggje tenestepensjonsordningar ut på anbod med jamne mellomrom, vil utløyse auka konkurranse i pensjonsmarknaden. Sterkare konkurranse er viktig for at framtidas pensjonar skal forvaltast effektivt og rimeleg, seier seksjonsleiar Eivind Stage i Konkurransetilsynet i ei pressemelding.
Sjølv om det er mange faktorar som øydelegg moglegheita for konkurranse, så konkluderer tilsynet med at det jamvel er lagt til rette for konkurranse om kommunal tenestepensjon mellom dei tre leverandørane som finst.
Kundene kan dermed utøve kjøparmakt, skriv tilsynet i rapporten.