Nyheter

Halvparten har vore i Robek

På ti år har 214 kommunar hamna på svartelista til Kommunaldepartementet.

Publisert Sist oppdatert

Det syner statistikk departementet har gitt til Kommunal Rapport. Medan somme berre har vore inne ei kort stund, har mange vore i Robek i ei årrekkje. Veteranane Tranøy og Bø i Telemark gjekk ut i fjor, etter å ha vore på svartelista sidan den vart oppretta 1. januar 2001.

Tala syner at det særleg etter kriseåret 2002 kom mange nye kommunar i registeret. Dei seinare åra har mellom 15 og 20 kommunar blitt registrert kvart år, og omtrent like mange har vorte friskmelde.

I 2007 var lista på sitt kortaste, med berre 42 kommunar. No er 50 inne. Ei analyse Kommunal Rapport har gjort av desse 50, syner at det var nok av faresignal i kommunen i åra før dei vart svartelista.

31 av dei 50 dreiv med underskot året før dei hamna i Robek. To år før svartelistinga gjekk óg 26 med underskot – altså over halvparten. Tre år før dei hamna på svartelista gjekk det óg dårleg. Då hadde ein av tre negativt driftsresultat.

Det typiske for ein Robek-kommune er altså at kommunen har eit dårleg økonomisk år, og så ikkje maktar å snu utviklinga.

I fjor starta KS eit nettverk for kommunar i Robek. Dette er eit pilotprosjekt som går over to år, der sju kommunar er med. No går det ut invitasjon om å vere med i eit nytt prosjekt frå hausten av, der det kan vere plass til åtte til 12 kommunar, skisserer rådgjevar Jens-Einar Johansen i KS.

– Målet var at vi skulle vere eksterne konsulentar som kom inn og stilte nye spørsmål og ga kommunane nye fakta. Vi har vore ute i alle kommunar, møtt leiinga, politikarar og tillitsvalde. Alle dei sju som var med i fjor, seier dei har hatt nytte av det. Då la vi vekt på å nytte Kostra-tal, sjå på økonomi og det å spare pengar. Seks av dei sju er i gang med forbetringsarbeid.

Pilotprosjektet starta i Nordland, sidan dette fylket har flest medlemmar i Robek.

– Vi ønskja å nytte kommunar som sto til kvarandre.

Å få ei felles forståing av kva som er situasjonen i ein svartelista kommune, er sentralt, trur Johansen.

– Kommunane er som regel samde internt om at dei har problem. Vi syner kor problema ligg. Politikarane har òg vore med i nettverket, med fleire ordførarar på kvar samling. Det hjelp veldig godt. Dette handlar heile tida om leiing.

I år er målstyring hovudtema for kommunane som er med i prosjektet.

– Det handlar om å finne gode indikatorar som kommunane kan målast på, og som er ting kommunen sjølv kan påverke. Nokre av kommunane har hatt store problem og er nok ikkje ute av Robek på ei stund. Men vi ser dei går i rett retning, seier Johansen.

Powered by Labrador CMS