Nyheter

Får bruke seks år på å fjerne underskot

Kommunaldepartementet gjev kommune to ekstra år på å dekke inn gamalt underskot – stikk i strid med tilrådinga frå fylkesmannen.

Publisert Sist oppdatert

Kommunaldepartementet seier ja til ein søknad frå Vestnes kommune om å bruke meir enn fire år på å få fjerna eit udekka beløp i rekneskapen.

I 2008 gjekk kommunen på ein stor økonomisk smell, med eit stort underskot på drifta. Framleis er 16 millionar kroner ikkje dekka inn.

Ifølgje kommunelova har Vestnes høve til å bruke tida ut 2012 på å få fjerna det udekka beløpet. Men kommunen meiner han treng lengre tid, og har søkt departementet om å få nytte to ekstra år.

Fylkesmannen: Sei nei

Fylkesmann og tidlegare Frp-politikar Lodve Solholm meiner kommunen har gjort altfor lite for å auke eigne inntekter, til at Vestnes kan få lov til å bruke meir tid enn det dei fleste andre gjer.

– Når ein i liten grad ønskjer å sjå på inntektssida, må ein kutte enda meir i den kommunale tenesteproduksjonen. Det har ikkje kommunen gjort. I staden for å løyse dette sjølv på eit tidleg tidspunkt, søkjer dei no om å få nytte ein unntaksregel i lovverket. Dette meiner vi ikkje er nokon god løysing, skriv fylkesmannen i si tilråding til departementet.

Fylkesmannen er klar på at Vestnes kommune ikkje har hatt gode nok grunnar til å seie nei til eigedomsskatt.

– Det er ikkje påvist at desse tiltaka ville hatt verknader som ville ført til uforholdsmessig store samfunnsmessige og økonomiske negative konsekvensar. Kommunen har hatt god tid til å auke sine inntekter og kutte tilstrekkeleg i utgiftene, heiter det vidare i skrivet.

Ordføraren er forundra

Etter Terra-skandalen vart kommunelova endra, slik at kommunar kan nytte meir enn fire år på å dekke inn store underskot. Ein må søkje departementet om lov, og det er denne lovendringa Vestnes har nytta seg av.

Øyvind Uren (Ap), ordførar i Vestnes, seier sjølv at han er forundra over at departementet snudde i saka.

– Eg er positivt overraska og litt forundra. Fylkesmannen var veldig klar, og vi reiste til eit forhandlingsmøte med departementet med tanke om at vi kanskje hadde ei dårleg sak. Men det var ikkje noko problem.

Uren er open om at det kommunen no har fått høve til, er å skyve problema framføre seg i to år til.

– Det står ganske klart i lova at vi som kommune må nytte høvet til å skaffe eigne inntekter. Vi har vedteke eigedomsskatt frå 1. januar 2012, og eg reknar med at det vart utslagsgjevande for at vi fekk den tida vi bad om, seier Uren. 

Powered by Labrador CMS