Nyheter
Ber om hjelp frå Stortinget
78 kommunar brukar så mykje på ressurskrevjande brukarar at dei må få ekstra pengar, meiner ordførar. No kjem forslag til ny finansieringsordning.
Kommuneleiinga i Vågå, med ordførar Rune Øygard (Ap) i spissen, møter måndag den raudgrøne delen av kommunalkomiteen på Stortinget. Tema er ressurskrevjande brukarar, og bodskapen frå Øygard er klår: Nokre små kommunar har så mange brukarar som treng mykje bistand, at det går ut over kommuneøkonomien.
Til dømes har Lurøy 238 innbyggarar per ressurskrevjande brukar, medan Mandal har 2.449 innbyggarar for kvar tunge brukar. Medan Lurøy då må nytte om lag 4.000 kroner for kvar innbyggar til dei tunge brukarane, slepp Mandal unna med ein femhundrelapp. Pengane må hentast frå dei frie inntektene.
– Ikkje godt nok
Kommunane sjølve må neste år dekke dei første 895.000 kronene av tilbodet til kvar ressurskrevjande brukar. Over den summen dekker staten 80 prosent.
Det er ikkje godt nok, meiner Øygard. Vågå har 12 tunge brukarar, og reknestykket frå kommunen syner at dei vil koste 3.000 kroner per innbyggar etter statstilskotet, til dømes om lag tre gonger så mykje som Stavanger må ut med.
Skjønnsmidlar frå Fylkesmannen hjelper litt, men ikkje mykje, peikar kommunen på i eit notat som er overlevert Kommunaldepartementet.
Vil ha maksutgift
I staden for skjønnsmidlar bør ein heller setje eit tak på utgift per innbyggar til tunge brukarar, er forslaget frå Vågå.
Kommunen har laga ein modell der taket vert sett frå 1.800 kronar til 2.000 kronar per innbyggar, og der alle kostnadar over dette taket vert dekt av staten fullt ut.
Dette kan ifølgje kommunen finansierast ved å flytte pengar frå skjønnsmidlar, som allereie i dag vert nytta som tilskot til kommunar med mange ressurskrevjande brukarar.
78 kommunar kan nyte godt av forslaget, om taket vert sett til 1.800 kroner. Det vil krevje knapt 220 millionar kroner å gjennomføre. Eit tak ved 2.000 kroner per innbyggar vil koste litt over 130 millionar kroner, ifølgje berekningane frå Vågå kommune.
I hovudsak er det småkommunar som har store utgifter per innbyggar til dei tunge brukarane, men óg Fredrikstad, Skien, Ringerike og Kongsberg kan kome inn under ordninga, litt avhengig av kor taket eventuelt vert plassert.
Det er flest kommunar i Nordland som kan komme inn under ordninga (11), deretter kjem Sogn og Fjordane (8), Hordaland (6), Møre og Romsdal (6) og Buskerud (6). I Aust-Agder er det berre Risør som er aktuell for systemet, slik det er føreslått av Vågå kommune.
Håpar på merknad
Øygard seier til Kommunal Rapport at han håpar møtet med komitémedlemmane vil føre til ein merknad når Stortinget handsamar statsbudsjettet, om at ordninga må endrast.
– Dette er ein skilnad kommunane ikkje kan noko for. Vågå har gode tilbod som gjer at folk oppfattar oss som ein god plass for dei som treng ekstra merksemd. Men det vert ei urimeleg stor belastning. Med så store utslag, i så få kommunar, bør staten sørgje for at det vert sett ei grense.
Vågå-ordføraren ønskjer at taket på utgifter per innbyggar vert ein del av inntektssystemet. Skjønnsmidlane kan heller nyttast til å ta hand om særlege investeringar som kommunar må gjere for å gje eit godt nok tilbod til dei tunge brukarane.
– Vi har dei andre kommunane med oss i tankane, sidan dette er ei nasjonal sak. Får vi forståing for saka måndag, håpar eg óg at KS kan ta taki dette, seier Øygard.