Nyheter
Bekymra for låge skattar
63 kommunar har lågare skatteinntekter i år enn i fjor. Dei trur ikkje på betring.
Per oktober har kommunane fått inn langt mindre skatt enn det regjeringa har rekna med, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Om tala ikkje vert betre ut året, risikerer kommunane ein smell på 1,7 milliardar kroner samanlikna med kva kommunane har budsjettert med.
Om lag 15 prosent av kommunane har faktisk lågare skatteinntekter i år enn i fjor. Skatteutjamninga hjelper for fleire av desse slik at utslaga ikkje vert fullt så store. Jamvel ligg dei langt etter det regjeringa trudde skulle bli skatteinntektene i år.
Leiar for økonomistaben i Årdal, Wenche Clausen, teiknar ikkje noko godt bilde av økonomien:
– Eg trur ikkje skatteinngangen vil ta seg opp ut året. Lågare skatteinngang tyder i verste fall at vi avsluttar året med meirforbruk. Med lite disponible midlar vil dette måtte takast inn igjen til neste år.
Ein annan industrikommune, Sunndal, kjem til å budsjettere med lågare skatteinntekter neste år, fortel økonomisjef Gunnvald Granmo. Kommunen hadde ikkje budsjettert med så høg skattevekst som regjeringa trudde på og får difor ikkje den store budsjettsmellen i år, trass dårlege skattetal.
– Vi har ingen forhåpningar om at skatteinntektene vil ta seg opp på slutten av året, men vi håpar sjølvsagt i det lengste, seier økonomisjef Ole Jørgen Hallingstad i Nes i Buskerud.
Robek-kommunen Nome risikerer ikkje å dekke inn gamalt underskot i år, på grunn av låge skatteinntekter. Budsjettsjef Roar Lindstrøm seier konsekvensen vil vere at kommunen vert svartelista eitt år til.