Nyheter

«Så fin du er i dag, du ser ikkje ut som ein politikar, men ein modell.» Illustrasjonsfoto: Colourbox
«Så fin du er i dag, du ser ikkje ut som ein politikar, men ein modell.» Illustrasjonsfoto: Colourbox

Sjekketriks for KS-konferanse

@fylkespolitikar gir deg sjekketriks som kanskje kan brukast på neste KS-konferanse.Om spalta

Publisert Sist oppdatert

Vil du bli med meg heim og sjå på bordflagg-samlinga mi?

Om spalta

@fylkespolitikar er ein twitterkonto som er ein litterær karakter skapt av ein ekte fylkespolitikar og skribent, og som gir oss eit skråblikk på fylkeskommunen og demokratiet.

@fylkespolitikar skriv annankvar fredag for Kommunal Rapport.

Vil du bli med meg heim og studere verkemiddelapparatet mitt?

Vil du bli med meg heim og bli betre kjend med ombodsmannsrolla mi?

Vil du bli med meg heim og helse på den regionale utviklingsaktøren min?

Vil du bli med meg heim og sjekke ut den kommunale prisdeflatoren min?

Vil du bli med meg heim og studere endringsframlegget til punkt seks i fylkesrådmannen si innstilling til økonomiplanen?

Vil du bli med meg heim og studere dei ikkje prissette konsekvensane av lange møter?

Vil du bli med meg heim og bade i poesien i fylkeskommunale saksframlegg?

Vil du bli med meg heim og sjå på sakspapirbunkane mine? (Har spart på dei gamle, nettbrett har ikkje same effekten, har eg merka)

Vil du bli med meg heim og lese høgt frå plan- og bygningslova framfor peisen?

Vil du bli med å sjekke om vestlandslefsene er tint?

Vil du bli med meg heim og bli ein del av årsmeldinga mi?

Vil du bli med å teste dei nye bussrutene som er i tråd med dimensjonseringsplikta?

Vil du bli med å gå ein tur og nyte dufta av blomar og fersk asfalt?

Så fin du er i dag, du ser ikkje ut som ein politikar, men ein modell.

Powered by Labrador CMS