Nyheter
Effektiv også når ho trenar
Kommunalminister Liv Signe Navarsete er glad i å gå i fjellet og typisk nok var ho på fjelltur då Jens Stoltenberg ringte i 2005 for å spørje om ho ville bli statsråd.
Navarsete kom seg ned fra fjellet og sidan har ho pendla mellom heimstaden Lærdal og Oslo. Likevel får ho tid til ein ski- eller fottur i helgane.
– Eg har valgt desse treningsformene fordi det er enkel tilgang til eit ok treningsrom i regjeringskvartalet. Og så er eg svært glad i å gå tur i fjell og mark, sier Navarsete.
Er du oppteken av utstyr?
– Ikkje utover at det skal vere funksjonelt og lett. Har kjøpt nye ski for å ha ok utstyr både heime og i Oslo. Det er mange flotte turområde i marka.
Kva forventar du at kommunane skal gjere for å førebyggje sjukdom?
– Kommunane har ei viktig rolle i det førebyggande arbeidet, noko som vil bli endå tydelegare gjennom samhandlingsreforma. Eg forventar at kommunane set førebygging høgare på den politiske dagsorden, og arbeider systematisk for å betre folkehelsa blant sine innbyggjarar. Det er vinn-vinn både for den enkelte og for lokalsamfunnet.
Korleis kan kommunane motivere innbyggjarne til å leve sunt?
– Kommunane kan stimulere til fysisk aktivitet i barnehagen og i skulen, samarbeide med frivillege lag og organisasjoner som yter tilbod og legge tilrette gode lokaler, turstiar, idrettsbaner og liknande. Også førebyggande helsearbeid gjennom helsesøster og andre deler av kommunehelsetenesta er viktig, mellom anna kunnskap om sunt kosthald.
Det beste treningstipset til Navarsete:
«Finn den aktiviteten du trivst med. Gjer det så enkelt som råd og prøv å gjere trening til ein fast del av kvardagen. Då vert det ikkje så lett skyvd på».