Debatt
Vi går saman for å styrke lokaldemokratiet
Skjåk, Volda og Ulstein har gått saman med Høgskulen i Volda for å styrke lokaldemokratiet og dialogen med innbyggjarane.

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning
Endringar i demografi og kommuneøkonomi aukar kravet til kommunikasjon, openheit og medverknad. Når det er utfordrande å forklare innbyggarane kvifor endringar skjer og kva dette betyr, er lokaldemokratiet under press.
Korleis held vi oppe tilliten i lokaldemokratiet når alt rundt oss er i endring?
Lokaldemokratiet blir ikkje sterkare av seg sjølv. Vi må byggje det kvar dag.
Dette spørsmålet har ført Skjåk, Volda og Ulstein saman i eit pilotprosjekt saman med medieutdanninga ved Høgskulen i Volda. Målet er å fornye måten vi snakkar med og lyttar til innbyggjarane våre.
Noreg er tufta på tillit. I takt med utbygginga av velferdsstaten har kommunane fått ansvar for stadig fleire oppgåver.
Under den nordiske kommunekonferansen «Kvalitetsmessan» i Göteborg i 2023 var eit sntralt spørsmål for kommunedirektørar frå Sverige, Danmark og Noreg om den nordiske velferdsmodellen er truga, eit sentralt tema.
Rambøll si oppsummering av kommunane sine innspel til KS sitt debatthefte viser ei sterk oppleving av at staten pålegg oppgåver, utan dette vert kompensert med redusert oppgåveportefølje eller tilstrekkeleg finansiering.
Innbyggjarane forbind budsjetthandsaminga med årleg vekst. Forventingane er høgare enn kommunen sin kapasitet.
60 prosent av kommunane gjekk i fjor med underskot. Mange opplever store vanskar med rekruttering. Teknologiutviklinga går med rekordfart og endrar samfunnet.
Stadig fleire held seg oppdaterte på sosiale media i staden for å søke opp dei redaksjonsstyrte media.
Den kommunale verkelegheita er komplisert. Det er krevjande å sjå samanhengane.
Folk har stolt på at kommunen har ressursar til å løyse innbyggjarane sine behov utan dei store endringane for den enkelte.
Store demografiske endringar og strammare økonomi resulterer i at kommunane står overfor ei formidabel omstilling.
Dette vil vere endringar som går langt utover organisering og nye arbeidsprosessar hos tilsette i kommunen. Det vil vere endringar som langt på veg vil utfordre samfunnsstrukturar og korleis tenesteytinga skal skje i framtida.
Dette vil medføre endringar også hos innbyggjarane. Kommunane slit med å kommunisere det heile verkelegheitsbildet med innbyggjarane. Oftast er det enkeltsakene som får media si merksemd og skygger over den meir alvorsprega situasjonen som kommunen står i.
Viktige saker når ikkje fram – verken til innbyggjarar, politikarar eller eigne tilsette.
Når vi ikkje greier å forklare kvifor endringane kjem, og kva dei betyr for kvardagen til folk, handlar det ikkje berre om kommunikasjon. Det handlar om demokratiet sjølv.
Gjennom pilotprosjektet kombinerer vi forsking og praksis. Deltakarane får opplæring i klart språk, målgruppetilpassing, medietrening og bruk av kunstig intelligens.
Det vert også gitt eit fagleg fundament i kommunikasjon, journalistikk og korleis ivareta integriteten i rolla som kommunedirektør eller ordførar når ein skal kommunisere ut til innbyggjarane eller omverda.
Det kan vere å forklare ei sak på to minutt framfor kamera, svare på kritiske spørsmål frå media eller lytte til folk som er sterkt usamde.
Målet er å bygge tryggleik og kultur for open, forståeleg og ærleg kommunikasjon.
I det endringsbildet vi står overfor, er det viktig med openheit, lettare tilgang til informasjon og reelle høve til å påverke.
Vi må legge til rette for å skape forståing og engasjement – ikkje fordi alle skal bli einige, men fordi alle har rett til å vite kva som skjer og kvifor, verte involvert og kunne engasjere seg i den offentlege debatten.
Dette handlar ikkje om å «selje inn» vedtak. Det handlar om å spele på lag med innbyggjarane, også når vi må ta upopulære avgjerder.
Demokratiet kan ikkje reduserast til overskrifter og PDF-dokument ingen les. Vi treng å jobbe på heilt nye måtar og ta i bruk dei rette verktøya for å skape dialog og tillit. Dette er nødvendig for vi som kommune og samfunn skal lykkast med dei endringane vi står overfor.
Lokaldemokratiet blir ikkje sterkare av seg sjølv. Vi må byggje det kvar dag.
Målsettinga med dette prosjektet er å utvikle metodar og verktøy som kan styrke lokaldemokratiet – ikkje berre i Skjåk, Volda og Ulstein, men i kommunar over heile landet.