Debatt

Skulenedlegging: Når alt og alle kjem dårlegare ut
Der minst ein part eller helst alle skulle komme betre ut, kjem nesten alle dårlegare ut.
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning
I junimøtet skal Innlandet fylkestinget på nytt ha skulenedleggingane på sakskartet. Saka er om fylket skal tilrå overfor Utdanningsdirektoratet at skulestader som fylkeskommunen har lagt ned, skal ha høve til å etablere privatutdanning i staden.
Privatskule gir 85 prosent statsstøtte og skal derfor godkjennast av staten.
Fylkeskommunen som part skulle komme betre ut, elevane skulle få meir å velje i.
Privatistskule utløyser ikkje statsstønad og kan derfor etablerast av alle som klarer det økonomisk.
Det er privatskule det skal røystast over i første omgang, og fylkesdirektøren har nå lagt fram si tilråding. Han går mot etablering av privatskule med den grunngivinga at den offentlege skulen vil miste elevgrunnlaget, men dette er ikkje lenger ein relevant argumentasjon.
Eksempelvis er det nå klart at alternativet i Lom er privatistskule. Kva for valalternativ har fylkestinget i lys av dei nye realitetane som fylkesdirektøren ikkje har teke inn?
Eg har sakna innspel der det som skjer blir analysert fagleg, og skal derfor analyse dette tufta på det vi i velferdsøkonomien kallar «Paretokriteriet».
Eit skulevedtak er paretooptimalt når ingen partar kjem dårlegare ut, men minst ein part kjem betre ut. Spørsmålet er derfor: Er det slik at ingen blir tapar, men at mange får store gevinstar?
Vi har allereie eit inntrykk av korleis det går i fylkestinget.
Høgre, som normalt støttar privatskule, vil gå imot.
Sp som normalt går mot, vil røyste for. Ja, jamvel SV vil røyste for privatskule denne gongen.
Ap, som har gått i samarbeid med Høgre, kan truleg ikkje vere for privatskule når Høgre er imot.
Lokallag i Ap er lagt ned eller lagt i dvale. Høgre har mista støtte og tillit i det lokale næringslivet. Ein tidlegare stortingsrepresentant har meld seg ut. Dette er døme på at alle desse partia taper tillit gjennom å røyste for det dei er imot.
Men rekka av taparar stoppar ikkje her. Eg brukar nedlegginga av skulestaden Lom som eksempel.
I Lom, Skjåk og Vågå har kommunane, folket, næringslivet og utflyttarar samla inn nok pengar (60-65 millionar) til å starte ein privatistskule ingen kan stoppe.
Dette blir sett i verk viss Utdanningsdirektoratet går mot at dei skal få privatskule.
Kva er konsekvensane?
• Kommunane taper pengar dei skulle ha brukt som velferdskommune.
• Næringslivet har løyvt pengar som skulle ha vore brukt i bedrifta.
• Fylkeskommunen taper millionar i overføringar frå staten.
• Lærarane taper arbeidsplassen sin lokalt og taper pensjon når dei går over til privatistskulen.
Dette summerer seg opp til mange taparar, i tillegg til elevane ved nedlegging av den offentleg skulen. Det er ingen vinnar bortsett kanskje frå eigaren av privatistskulen og staten som sparer millionar.
Dette er så absurd at ein må spørje: Kva var intensjonen – og kva gjekk gale?
Intensjonen frå fleirtalet i fylkeskommunen var at skulestrukturen skulle bli meir «rasjonell» i ein situasjon der elevtalet lenge har gått ned.
Fylkeskommunen som part skulle komme betre ut, elevane skulle få meir å velje i. Slik grunngav dei det – og intensjonen må vi tru på.
Kva gjer ein da når det kjem rein privatistutdanning i staden? Det er fleire alternativ:
1. Fylkestinget kan stå på det opphavelege vedtaket, men enten:
a. tilrå privatskule i Lom med den grunngivinga at alternativet, privatistskule, er eit verre alternativ både for fylket, lokalsamfunn og elevar, eller
b. be staten om ikkje å støtte privatskule trass i at alternativet er verre.
... eller:
2. Fylkestinget kan gå tilbake til avgjerdsgrunnlaget sitt og oppsummere at ein ikkje såg for seg at privatistutdanning skulle bli eit alternativ.
I lys av dette vedtek dei nå i junimøtet ikkje å legge ned tilboda i fylkeskommunal regi.
Alternativ 2 ser ut som det mest rasjonelle, og det vil kunne styrke truverdet til demokratiet på fleire vis. Det viktigaste er at politikarane ikkje insisterer på at dei alltid er i stand til å vurdere alle konsekvensar på førehand.
Det mest sannsynlege er at dei vil gå inn for fylkesdirektørens innstilling, altså velje alternativ 1.b. utan å vurdere dei nye realitetane.
Alternativet er privatistskule, sjølv om fylkesdirektøren vel å oversjå det. Der minst ein part eller helst alle skulle komme betre ut, kjem nesten alle dårlegare ut. Det er desse nye realitetane Utdanningsdirektoratet må innarbeide dersom dei får saka på bordet.