Debatt
Meir kraft krev at kraftkommunane får ein større plass rundt bordet
Viss vi skal lukkast med nye kraftutbyggingar, treng vi ein oppdatert samfunnskontrakt som tek inn over seg den kompleksiteten vi har i dag.
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning
Nye kraftprosjekt kan ikkje møtast med rustne prosessar. Og dei kan ikkje drivast fram utan at kraftkommunane kjenner att både rolla si, ansvaret sitt og nytten av det dei er med på.
Industri, elektrifisering, beredskap og ny verdiskaping krev meir energiproduksjon og meir effekt i åra som kjem. Samtidig står Noreg framfor ei ny bølgje av vasskraftutbygging og modernisering.
Likevel er systemet utdatert og verktøya for svake. Dersom vi meiner alvor med at Noreg treng meir kraft, må vi òg meine alvor med at dagens situasjon krev noko nytt av oss. Vi treng ein ny samfunnskontrakt.
Nye kraftutbyggingar krev betre samarbeid mellom stat, utbyggjar og lokalsamfunn.
For kommunar som lever tett på krafta, er det tydeleg at det løftet som no må komme innan vasskraft, ikkje er ei enkel vidareføring av det som har vore før. Prosessane er meir komplekse. Naturomsyna er sterkare. Forventningane til tempo er høgare. Energimarknaden ser heilt annleis ut.
Likevel prøver vi ofte å løyse desse nye utfordringane med verktøy, roller og arbeidsformer som er forma i ei anna tid. Det skaper tregleik, konflikt og uvisse.
Vi som er vertskommunar, tek ein stor del av belastninga lokalt. Naturinngrep, arealbruk og dei konkrete konsekvensane skjer hos oss.
Samtidig opplever mange at koplinga mellom utbygging og lokal utvikling er svekka. Gevinstane er mindre tydelege, mens prosessane er meir krevjande. Då blir det òg vanskelegare å skape legitimiteten som trengst for å få prosjekt vidare.
Dette handlar ikkje om at naturomsyna har vorte for sterke. Det handlar heller ikkje om at lokalsamfunn har vorte meir vrange. Det handlar om ein ny type kompleksitet, der fleire omsyn verkar samtidig. Vi har enno ikkje utvikla gode nok modellar for å handtere denne røynda.
Dei store utbyggingane vart til gjennom ein tydeleg balanse mellom stat, utbyggjarar og vertskommunar, med konsesjonslover og heimfall som fundament.
Men denne samfunnskontrakten vart forma i ei heilt anna tid. Før klimakrisa fekk same tyngde. Før mellomlandsforbindingar og eit integrert kraftmarknadssystem. Før dagens naturkonfliktar og eit langt meir samansett aktørbilde.
Skal vi lukkast med nye utbyggingar, treng vi derfor ein oppdatert samfunnskontrakt som tek inn over seg kompleksiteten i dag. Og som gir både legitimitet og framdrift. Det krev ei sterkare felles forståing av kvifor vi byggjer ut. Det krev betre samarbeid mellom stat, utbyggjar og lokalsamfunn, og det krev at kommunane kjem tidlegare inn i prosessane, før frontane har hardna til.
Vi treng òg meir truverdige svar på kva vertskommunane faktisk skal sitte att med når dei stiller natur og areal til disposisjon for prosjekt som har verdi langt utover eigne grenser. Og dette handlar om meir ein berre skatteinntekter.
Altfor ofte kjem dei ulike aktørane til bordet for seint. Då har frontane allereie hardna til, og posisjonane vorte låste. Energi som burde gått til å løyse problem, går i staden til å handtere konflikt. Det har vi ikkje råd til.
Derfor har vi i Suldal invitert til konferansen «På innsida av krafta». Ambisjonen er ikkje å skape endå ein arena for ferdige innlegg og innøvde standpunkt.
Ambisjonen er å samle aktørar som står i desse spørsmåla no, og få dei til å sette seg ned saman tidlegare enn det som vanlegvis skjer. Kraftbransje, styresmakter, forsking, naturinteresser og vertskommunar må i større grad møtast før prosessane køyrer seg fast, ikkje etterpå.
Det er heller ikkje nok å slå fast at vi treng meir kraft. Vi må bli samde om korleis vi skal få det til, på ein måte som gir framdrift, tek naturen på alvor og skaper reell tillit lokalt.
Dersom vi meiner alvor med at Noreg treng meir kraft, må vi òg meine alvor med at dagens situasjon krev noko nytt av oss. Nye prosjekt kan ikkje møtast med rustne prosessar. Nye konfliktliner kan ikkje handterast med gamle oppskrifter.
Kraftutbygging i vår tid krev ikkje mindre samtale. Ho krev betre samtalar, tidlegare i løpet, mellom dei som faktisk må få dette til saman.