Debatt

Kva vil staten med kommunane?

Stortinget må ta ansvar for å utvikle ein meir effektiv og betre organisering av offentleg sektor. 

– Færre og sterkare kommunar med større ansvar og meir mynde vil styrkje det kommunale sjølvstyret, skriver artikkelforfattaren. Her diskuterer Høgres Mudassar Kapur og kommunalminister Bjørnar Skjæran kommunepolitikk i Stortingets vandrehall.
Publisert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

Det kommunale sjølvstyret har stått sterkt i Noreg. Det er kommunane som utfører og leverer dei fleste velferdstenestene til innbyggjarane. Vi seier gjerne at vi bur i ein velferdsstat, men kanskje hadde det vore meir presist å seie at vi bur i ei velferdskommune.

Norske kommunar står framfor nokre av dei største endringane i moderne tid.

Samtidig er kommunane heilt avhengige av statlege overføringar for å kunne levere desse tenestene.

Dei er også bundne av lover og forskrifter som definerer kva oppgåver dei skal utføre, og av statlege tilsyn som kontrollerer at oppgåvene blir løyste i tråd med nasjonale krav. 

Eit grunnleggjande politisk prinsipp er at innbyggjarane skal ha tilgang til likeverdige tenester uavhengig av kvar i landet dei bur. Det kommunale handlingsrommet er difor avgrensa.

No blir det kommunale sjølvstyret sett på ei endå større prøve. Norske kommunar står framfor nokre av dei største endringane i moderne tid.

Den demografiske utviklinga gjer at vi får fleire eldre, færre barn og ein mindre del av befolkninga i yrkesaktiv alder. Dette utfordrar kommunane både når det gjeld ressursfordeling, rekruttering og kapasitet til å levere tenester. 

Utfordringane kjem også til uttrykk gjennom mandatet til Helsereformutvalet, som skal vurdere nye modellar for ei berekraftig helse- og omsorgsteneste i Noreg.

Den andre hovudutfordringa er beredskap. Eit våtare og villare klima har lenge utfordra kommunane. No kjem også krav om å planleggje korleis samfunnskritiske funksjonar skal oppretthaldast i krig og alvorlege kriser. Totalberedskapsmeldinga gir føringar som kommunane og resten av sivilsamfunnet må følgje opp.

Det er avgjerande at offentleg sektor er organisert for å løyse dei viktigaste samfunnsutfordringane. I dag har Noreg 357 kommunar og om lag halvparten har færre enn 5.000 innbyggjarar. 

Generalistprinsippet inneber at alle kommunar har dei same oppgåvene og det same ansvaret, frå Utsira med sine 219 innbyggjarar til Oslo med over 728.000.

Er det realistisk å tru at alle kommunar kan handtere desse utfordringane på ein likeverdig og berekraftig måte? 

Truleg ikkje. Det er også bakgrunnen for at staten no vurderer nye modellar for framtidig organisering av offentleg sektor. Dei store skilnadane i storleik og kompetanse i kommunane gjer det krevjande å utvikle og skalere nye tenester med jamn kvalitet over heile landet.

Kva vil staten med kommunane? Kva konsekvensar har det dersom fleire sentrale oppgåver blir flytta til nye forvaltningsnivå? Og kva blir att av det kommunale sjølvstyret når stadig fleire oppgåver blir lagde til interkommunale selskap og andre overordna samarbeidsorgan?

Kommunesektoren må utviklast og fornyast dersom den skal vere relevant, men då må kommunane ha storleik, kompetanse og økonomi til å løyse nye oppgåver. Det er eit statleg ansvar å leggje til rette for dette.

Det kan ikkje løysast gjennom naboprat og lokale folkerøystingar. Stortinget må ta ansvar for å utvikle ein meir effektiv og betre organisering av offentleg sektor. Staten må våge å flytte makt og oppgåver ut til kommunane, ikkje berre flytte oppgåver til nye administrative nivå.

Færre og sterkare kommunar med større ansvar og meir mynde vil styrkje det kommunale sjølvstyret. Det vil flytte avgjerdene nærare innbyggjarane og styrkje lokaldemokratiet. Det vil og gi kommunane betre føresetnader for å møte både velferdsutfordringar og nye krav til sivil beredskap.