Debatt

Arealpositivitet kan forsterke problemet

Vi byggjer ned natur i stadig raskare tempo. Kommunane sitt motgrep mot denne utviklinga er å forplikte seg til å bli arealnøytrale.

– Vi tilrår alle partia å innføre prinsipp om arealpositivitet i byggjesaker og gjere det meir attraktivt å byggje ut grå areal framfor grøne, skriv artikkelforfattarane.
Publisert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

Regjeringa sitt anslag er at natur tilsvarande 5000 fotballbanar forsvinn kvart einaste år. NRK har dokumentert at Noreg er Europas verste på naturnedbygging. Regjeringa lanserte no i august sitt «kraftfulle» mottrekk mot denne utviklinga: dei har sett ned eit utval.

Kommunane sitt grep mot denne utviklinga er å forplikte seg til å bli arealnøytrale, altså at ein bevarer og/eller restaurerer like mykje natur som ein byggjer ned. Rundt 85 norske kommunar har per i dag vedteke mål eller reglar om arealnøytralitet. Diverre er ingen av dei 43 kommunane i Vestland fylke blant dei 85.

I næringslivet er bildet meir nyansert. Fleire utbyggjarar ser det som attraktivt å vere pådrivarar på miljøfeltet, enten det har opphav i eit ektefølt engasjement, ein omdømmestrategi, ein metode for å vinne kontraktar, eller alt dette. Uansett er det rett og slett smart marknadsøkonomi å vere framme i skoen på miljø.

Dette har ført til at i utbyggingssaker foreslår stadig fleire utbyggjarar på eige initiativ å kompensere naturtapet med å restaurere meir natur enn dei ynskjer å byggje ned. Slike frivillige initiativ må sjølvsagt blir vurdert som ein positiv faktor i vurdering av byggesøknader, framfor initiativ som gir netto tap av natur. Derfor er dette ei utvikling vi må heie på og stimulere, uansett om kommunane vedtek arealnøytralitet eller ikkje.

Omgrepet arealpositivitet skildrar ein praksis der naturinngrep blir kompensert ved at meir natur restaurerast eller oppgraderas, enn det som blir bygd ned.

Det seier ingenting om kor mykje nedbygging kommunen vil opne for, eller kor mykje natur ein vil verne. Utan desse vurderingane blir arealpositivtet kun grønvasking og valflesk.

Vi ser heldigvis at enkelte politiske parti har byrja å bruke uttrykket arealpositivitet når dei no forfattar sine program for neste års val; der forslaget er å gi arealpositive utbyggingar fortrinn foran arealnegative.

Dei fleste vil oppfatte positivitet som betre enn nøytralitet. Men ikkje i dette tilfellet: mens arealnøytralitet er eit forpliktande minimum på kommunalt nivå, er arealpositivitet eit forslag om å gi konkurransemessig fortrinn til utbyggjarar som byggjer ned naturen litt meir skånsamt, og bidrar til «restaurering» av nedbygd natur.

Men det seier altså ingenting om kor mykje nedbygging kommunen vil opne for, eller kor mykje natur ein vil verne. Utan desse vurderingane blir arealpositivitet berre grønvasking og valflesk; og i verste fall ei forsterking av problemet.

Vi tilrår alle partia som stiller lister til kommune- og fylkestingsvalet hausten 2027 å sette naturen på agendaen: Gjennomfør risiko- og sårbarheitsanalysar for å redusere konsekvensar av ekstremvêr og flaum. Innfør prinsipp om arealpositivitet i byggjesaker og gjere det meir attraktivt å byggje ut grå areal framfor grøne.