Leder

Folkevalde treng gode vilkår
Er det rett å auke godtgjeringa til lokalpolitikarane og kutte kommunale tenester til innbyggjarane på same tid? Ordskiftet har vore heftig mange stader.
Fleire kommunestyre har dei siste vekene handsama nye reglar for godtgjering. Det gir meining at dette er klart før valet av nye representantar. At det er det gamle kommunestyret som legg føringane for det nye, er ryddig. Så får heller det nye kommunestyret gjere nye vedtak dersom det skulle vere grunnar til det. Endra arbeidsmåtar kan til dømes vere det.
Å verdsetta det viktige og gode arbeidet lokalpolitikarane gjer, er sjølvsagt klokt. Så vil det vere ulike føresetnader i forskjellige kommunar for kor feite honorara bør vere. I økonomisk stramme tider kan frontane bli ekstra harde. Mellom anna derfor meiner vi det er god praksis å stadfeste klare prinsipp for godtgjering.
Honorar er sensitive saker for mange. Godtgjeringa for eit verv bør vere føreseieleg. Det vil ho til dømes vere dersom ho vert knytt opp mot godtgjeringa til stortingsrepresentantar. For mange kommunar vil dette fungere. Det kan og vere nyttig å sjå til nabokommunane for å justere seg best mogleg.
Det er avgjerande å kunne rekruttere solide lokalpolitikarar. Ordførarar står i ei særstilling. Deira godtgjering har fleire stader vore knytt til rådmannen si lønn. Denne koplinga er etter vårt syn for tett. Ein ordførar stiller seg lagleg til for kritikk om han går med på høgare lønn til rådmannen, sidan det tyder meir i godtgjersle til ordføraren sjølv.
Samla må vilkåra vere gode nok til at eit mangfald av innbyggjarane kan tenke seg å stille til val. Det tener lokaldemokratiet at ikkje folk sluttar med politikk av di dei ikkje kan forsvare det økonomisk. Stor auke i godtgjeringane er samtidig ikkje eit godt signal. Men dei fleste folkevalde får nokså lite pengar for det arbeidet dei legg ned, som også Dag-Henrik Sandbakken, fagsjef og ansvarleg for KS sitt program for folkevalde, poengterer i denne avisa.
Det kan somme tider vere rett å auke godtgjeringa til folkevalde og samtidig kutte i tenestetilbodet. Det kjem an på lokale vurderingar.