Nyheter
Feler i gull
Kommunevåpenet til Bø i Telemark har tre feler i gull på rød bakgrunn og vart godkjent i 1988. Motivet spelar på den sterke spelemanns- og felemakartradisjonen i kommunen.
Utviklinga av Norges nasjonalinstrument har hatt sitt hovedsete i Bø gjennom blant anna felemakarslekta Helland/Steintjønndalen, som tel 14 felemakerar gjennom nesten 200 år.
Det var på 1700-talet at telemarkingane drog til Hardanger og kjøpte feler som dei tok med heim. Dei vart seinare vidareutvikla av Erik Johnsen Helland.
Vinteren 1849 tok ein annan telemarking, Myllarguten, skiene fatt og stava seg heilt til Christiania, der han saman med Ole Bull bergtok hovudstaden med sitt felespel. Samarbeidet mellom Bull og Myllarguten slo ned som ei bombe i det nasjonalromantiske publikummet. Men ein annen telemarking var skeptisk til sirkuset:
«Si´ det gange gale, só blei det fór stort ansvar på ókkón», var Aasmund Olavsson Vinjes kommentar til det heile.