Annonse
Nyheter
Bonus for arbeid i ferietida
Dei tilsette i pleie- og omsorgssektoren i Sunndal kommune får bonus dersom dei let vere å ta ferie mellom 30. juni og 10. august, og samtidig er villige til å arbeide i minst 80 prosent stilling i denne perioden.
- Vi har no avtale med 15 tilsette som har sagt ja til dette tilbodet, seier personalsjef Anne Karin Sjøli til avisa Driva.
Før om åra har kommunen har store problem med å fylle turnusen i ferietida. I fjor måtte Nesset kommune leige inn svenske sjukepleiarar gjennom eit vikarbyrå i sommarferien.
- Eg veit det er fast tilsette som har hatt dårleg samvit fordi dei tek ferie, seier Sjøli.
Kommunen vurderer også å gje tilsette i pleie- og omsorgssektoren 300 kroner i bonus dersom dei tek ei ekstra helgevakt.