Nyheter

Interpellasjon om kva som er verst i møte
Ein strikkar ikkje i fylkestinget, dette er ein uskriven regel alle kjenner. Diverre vil eg seie. Dersom ein hadde hatt skrivne reglar for dette, ville ein og hatt heimel for å reglementsfeste og annan upassande oppførsel i møte. Eg fremma difor ein interpellasjon i dag om kva som er verst i møte.Om spalta
Interpellasjon om kva som er verst i møte
Underteikna har lagt merke til at særleg kvinner som strikker i møte får svært mange stygge blikk, ikkje minst frå møteleiaren. Underteikna meiner at dette er djupt urettferdig. Møteleiaren burde sjå at ein stor del av dei som sit i salen som reint stemmekveg både les e-post, skriv e-post, les nyhede, er på facebook og twitter, og ikkje minst spelar wordfued og candy crush i møta. Underteikna har og i eit møte og observert ein representant som spikka i møtet (understrekar at dette ikkje var eit speidarmøte).
Forslag til vedtak:
Fylkestinget ber fylkesrådmannen lage ei analyse av kva som er mest og minst forstyrrande i møte og sjå på om noko av dette bør leggast inn reglementet for fylkestinget.
Interpellasjonsdebatten var taus. Gunn tok fram strikketøyet i lunsjpausen.