Kronikk

Det er ikkje lenger nok å tilby jobbar – stadane må også by på fleire kvalitetar som gir det gode livet som framtidas innbyggjarar vil ha, skriv Ingvild Gjerdset (f.v.), Grete Kongshaug og Ola Hjelen.
Det er ikkje lenger nok å tilby jobbar – stadane må også by på fleire kvalitetar som gir det gode livet som framtidas innbyggjarar vil ha, skriv Ingvild Gjerdset (f.v.), Grete Kongshaug og Ola Hjelen.

Vi treng attraktive byar og stadar som trekk folk

Attraktive byar og tettstadar er eit konkurransefortrinn i kampen om arbeidskrafta fordi folk i dag er opptekne av kva staden kan tilby.

Publisert Sist oppdatert

I Distrikts-Noreg i dag er det ikkje mangel pü arbeidsplassar, men pü folk. Lenge har løysinga vore ü reklamere for alle dei spennande jobbane regionen kan tilby, men det er grunn til ü vurdere om andre grep mü gjerast ogsü.

Stadar med eigenart og identitet er eit konkurransefortrinn.

Alt starter pü bygulvet, skriv Rolf Thorsen, direktør for Polaris Eiendom, i ein kronikk. Han utdjupar slik: Vi mü snakke mer om bygulvet vürt! Det er dette gulvet som er selve suksessformelen for moderne byutvikling.

Bygolvet er romma mellom husa i sentrum: Gater, fortau, torg, plassar og parkar, og førsteetasjane i bygningane.

Bygolvet speler ei vesentleg rolle for korleis byen blir brukt og opplevd. Dette er universelt, anten byen eller staden er stor eller liten. Sentrum som har lagt til rette for bruk og opphald for folk gir bĂĽde betre vilkĂĽr for nĂŚring og handel, og stimulerer til betre folkehelse nĂĽr vi beveger oss meir til fots og treff andre folk.

For ü lukkast med dei gode byromma og dei attraktive og inkluderande byane, er arkitektur eit av dei viktigaste verkemidla vi har. Arkitekturen kan invitere til leik eller is pü ein benk i sola nür ho tittar fram, by pü noko fint ü kvile blikket pü; bygningar, grøne vekstar, kunst eller utsikt til fjord og fjell. Den kan legge til rette for büde dei tilfeldige, smü møta mellom folk, og større arrangement, og har gjerne opne førsteetasjar med nÌring, tenester, kultur, bibliotek og andre tilbod.

NĂĽr byromma, bygningane og innhaldet speler saman oppstĂĽr magien. Den danske byplanleggaren Jan Gehl seier det sĂĽ fint: ÂŤEin god by er som ein god fest. Du blir der lenger fordi det er sĂĽ kjekt ĂĽ vere der.Âť

Har du tenkt over at byane og stadane som er mest populÌre ü reise til, har sterk identitet? Sentrum som har historiske bygningar, er noko lunde like i høgde og volum, har harmonisk farge- og materialbruk og fine detaljar, appellerer til oss.

Å tørre å stole på eigne kvalitetar og dyrke eiga historie og særtrekk handlar derfor ikkje berre om estetikk og trivsel, det er også business. Identitet og tilhøyrsel speler inn på betalingsvilje for bustad, og påverkar innsatsen innbyggarane legg ned i lokalmiljøet sitt.

Det utfordrar identiteten nür (ny)bygg ikkje speler pü lag med staden. Pü sikt kan dette føre til at byens identitet blir borte. Enkeltstüande bygg som ikkje speler pü lag, vil konkurrere med kvarandre om merksemda. Enkeltbygg som er vesentleg høgare enn dei eksisterande, vil ikkje berre kaste lange skuggar, men ogsü endre byens silhuett.

Manglande ivaretaking av heilskapen kan ogsü føre til at bygolvet ikkje heng saman, og dermed blir mindre attraktivt for folk. Dette er viktige sider ü tenke pü for utbyggarane som bygger byen, og for kommunane som behandlar plan- og byggesaker. Kva tilfører nye prosjekt byen og sentrumslivet?

Arkitektur har gjennom historia vore nytta som uttrykk for (politiske) signal, og til dømes høgde pü türn og bygningar har vore nytta som uttrykk for makt.

I moderne tid er rüdhus, konsert- og kulturhus eksempel pü institusjonar vi har gitt sentral plassering og tyngde i bybildet, fordi vi ønsker at desse bygningane skal vere ekstra viktige i kraft av sin samfunnsfunksjon.

I Møre og Romsdal budde 74 prosent av befolkninga i byar eller tettstadar i 2023. Trenden er aukande, slik som i resten av landet.

Folk i dag vel i større grad enn tidlegare bustad der dei finn dei tilboda dei ønsker. Det er ikkje lenger nok å tilby jobbar – stadane må også by på fleire kvalitetar som gir det gode livet som framtidas innbyggjarar vil ha, slik som gode bumiljø, levande sentrumsområde med handel, nærings- og kulturliv, rekreasjon og ein enkel kvardagslogistikk.

Kva slags byar og tettstadar vi planlegg og utviklar, har dermed betydning for regionen si trekk-kraft pĂĽ folk. Stadar med eigenart og identitet er eit konkurransefortrinn. DĂĽ mĂĽ vi bry oss om heilskap, arkitektur og kulturarv.

Møre og Romsdal har vedteke mül om at vi skal ha attraktive byar og tettstadar. Fylkeskommunen kan bidra med rüd, rettleiing og verkemiddel som støttar desse müla.