Kronikk

Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit

Samanslåing ikkje einaste svaret

Det er ikkje sikkert at kommunesamanslåing løyser problemet med felles planlegging i storbyområda. Kanskje bør dette gå føre seg på eit anna forvaltningsnivå?

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa bør ikkje berre fremme positive insentiv, men også vise riset bak spegelen.

Slik eg ser det, handlar kommunereforma om to ulike problemstillingar:

• Kommunar må bli større for å kunne gi innbyggjarane eit godt tenestetilbod også på små, marginale område (t.d. barnevern).

• Kommunar i tettbygde område med felles bu- og arbeidsmarknad må få overordna planlegging av bustadområde, næringsområde og ikkje minst transportløysingar.

Regjeringa har eit sett stimuleringsmidlar for å få til kommunesamanslåingar. Mi meining er at få kommunar vil slå seg saman pga. desse midlane. Dersom regjeringa verkeleg ønskjer færre småkommunar, må det signaliserast kva som framover blir dei økonomiske vilkåra. Regjeringa skal komme tilbake til dette i forslag til nytt inntektssystem for 2017.

Dersom småkommunane skal miste sitt eksistensgrunnlag ved at ekstratilskota blir redusert, bør dei få vite det nå. Regjeringa bør ikkje berre fremme positive insentiv, men også vise riset bak spegelen. Ingenting er meir effektive verkemiddel enn utsikta til å bli straffa økonomisk.

Det siste ser me eit effektivt eksempel på hos DNB, som etter at dei vedtok å legga ned satsinga på offentleg tenestepensjon, har auka administrasjonskostnadene og signaliserer at dei vil auke meir frå 2015. I tillegg har dei tatt ned all risiko i finansforvaltninga, slik at kommunane ikkje kan vente meiravkastning.

Dette er effektive og for kommunane kostbare verkemiddel, og mange flytta pensjonsordningane alt i fjor, mange flytter frå juli i år og eg reknar med at alle er ute frå neste år. Pisk er nok meir effektivt enn gulrøter. Det same gjeld nok også for kommunane.

Stavangerregionen er eksempel på eit tettbygd område med mange små kommunar i areal, men i norsk målestokk høgt folketal. Dersom dei åtte kommunane skal slåast saman, får me eit folketal på rundt 300.000. Ein så stor kommune blir ikkje nødvendigvis meir effektiv enn dei eksisterande kommunane.

Kjerneoppgåvene til kommunane er å levere velferdstenester til innbyggjarane. 70 prosent av budsjettet går til skule, barnehage og omsorg. På desse områda er det lite å hente økonomisk om vi slår saman så store kommunar. Der vi kan spare, er på politisk nivå og toppleiarnivå, men mellomleiarnivået vil auke meir på grunn av behovet for samordning.

Det blir også auka behov for nye administrative løysingar som nye kommunale føretak eller inndeling i bydelsadministrasjonar. Administrasjonskostnaden blir derfor neppe redusert.

Området har felles arbeidsmarknad, og mange kryssar ei eller fleire kommunegrenser for å komme på jobb. Kollektivdelen på arbeidsreiser er lågast av alle storbyområda. Bilkøane aukar for kvart år. Noko må ha gått gale i planlegginga av dette storbyområdet.

Infrastruktur kjenner ingen kommunegrenser. Kommunane planlegg nye bustad- og næringsområde og tilhøyrande transportløysingar innanfor eigne grenser. Sjølv om vi har fylkeskommunen som overordna planleggjar og Fylkesmannen som skal ta vare på statlege føringar, får vi ei suboptimalisering der kvar kommune tenker for seg. Alle ønskjer vekst i eigen kommune.

Arbeidsplassane er konsentrert om Forus og Tananger, noko som skapar kaos på vegane. Kva med å etablere næringsområde nærare der folk bur, eller etablera buområde i nærleiken av arbeidsplassen og slik redusera transportbehovet? Men då treng me god, overordna planlegging som går ut over dagens kommunegrenser.

Er då kommunesamanslåing den einaste svaret på manglande felles planlegging? Kanskje skal ikkje kommunane ha så stor makt som dei har i dag, kanskje bør overordna planlegging ikkje gå føre seg på kommunenivå.

Når det gjeld planlegging, har me mange forvaltningsnivå: Kommunar, fylkeskommunen, Fylkesmannen og departementet og ein eller annan stad inne i dette er Statens vegvesen. Resultatet viser at dagens system ikkje har fungert i Stavangerregionen. Det er vanskeleg å bli einige om kva det skal satsast på, og det blir lett hestehandlar om tiltak utan det store heilskapsperspektivet for heile regionen.

Den infrastrukturen som fungerer, er vass- og avløpssektoren, der kommunane har hatt eit interkommunalt selskap frå 1960-åra. Leidningsnettet både for vatn og avløp har ikkje kjent på kommunegrensene. Gode løysingar medverkar til at kommunane har landets lågaste kommunale avgifter. Regjeringa er redd for underskot på demokrati når det blir oppretta interkommunale selskap, men likevel er det dette som for oss har fungert best.

Skal me få ei storstilt samanslåing av små kommunar, må regjeringa ikkje berre gi stimuleringsmidlar, men også redusera subsidieringa av småkommunane og signalisera dette tydeleg.

Når det gjeld storbyområda, er det ikkje sikkert at kommunesamanslåing er verkemiddelet som løyser felles planlegging. Kanskje bør lokale styresmakter ikkje ha så stor makt? Kanskje bør dette gå føre seg på eit anna forvaltningsnivå?

Powered by Labrador CMS