Kronikk

Dyr og dårleg «likebehandling»
Dagens ordning for tilskot til private barnehagar må forenklast. Då kan vi spare både administrative ressursar og millionar i tilskot.
Kor er det kommunale sjølvstyret i barnehagesektoren, nå som tilskotet er innlemma i rammetilskotet?
Den store barnehagereforma har gitt barnehageplass til alle barn i aldersgruppa eitt til fem år. Reforma blei gjennomført ved hjelp av øyremerkt statstilskot til både drift og investering. Dette medførte stor utbygging av barnehagar – både private og kommunale.
Då full barnehagedekning var oppnådd, og det ikkje lenger var bruk for insentiv for bygging av nye barnehagar, blei det øyremerkte barnehagetilskotet innlemma i rammetilskotet. Ein viktig grunn til at tilskot blir innlemma i rammetilskotet, er at kommunane skal kunne gjere lokale prioriteringar av kva pengane skal brukast på – den såkalla kommunale sjølvråderetten.
Tungrodd ordning
Private barnehagar skal framleis få tilskot, men nå frå kommunen. Prinsippet om likebehandling av kommunale og private barnehagar blei innført. Nå skal private barnehagar få same tilskot som det kostar å drive kommunale barnehagar og i tillegg eit kapitaltilskot. Kapitaltilskotet gir kommunane ofte etter nasjonale satsar, då dette er kostnadar som ikkje kan hentast ut frå rekneskapen i kommunen. Dette høyrest både rett og rimeleg ut, men dette har vist seg å bli ei administrativt svært tungrodd ordning.
Kommunane skal først rekne ut tilskotet basert på rådmannens forslag til budsjett. Deretter skal tilskotet korrigerast etter vedteke budsjett og etter innrapportert barnetal per 15.12 året før budsjettåret. Eventuelle endringar i rammene til dei kommunale barnehagane i løpet av året, medfører ny omrekning i tilskotet. Endeleg tilskot blir først fastsett når rekneskapen for kommunen ligg føre.
Alle desse utrekningane blir gjennomgått av dei private barnehagane, og klager blir sendt. Inga sak er for lita til å sende klage på. Klagene skal behandlast både av kommunen og når dei ikkje får medhald, også av Fylkesmannen, og mange gonger blir også departementet trekt inn. Her er det administrative effektiviseringspotensial stort.
Lite sjølvstyre
Kor er det kommunale sjølvstyret i barnehagesektoren, nå som tilskotet er innlemma i rammetilskotet? Det meste er fastsett i detaljerte reglar, som talet på pedagogar og leikeareal per barn og ikkje minst alle reglane rundt likebehandling av kommunale og private barnehagar.
Kommunane har ikkje nok kommunale barnehageplassar og kjøper barnehagetenester av private barnehagar, men kan ikkje som i andre innkjøp bestemme vilkåra for dei kjøpte tenestene. Kommunen kan ikkje styre kven barnehagen tar opp, slik at private barnehagar kan ta opp barn utan rett til plass, og kommunen er forplikta til å betale. Dette gjeld ikkje berre private barnehagar i eigen kommune, men også i private barnehagar i nabokommunane. Barn utan rett i private barnehagar kosta Time kommune 4 millionar kroner i 2013 – pengar kommunen kunne spart og likevel gitt den lovpålagde tenesta. Politikarane i Time ville nok ønskje at desse pengane kunne brukast på andre tenester.
Kommunen kan ikkje stilla krav om lønns- og arbeidsvilkår slik at tilsette i private barnehagar kunne fått ei god pensjonsordning. Likevel skal tilskotet til private barnehagar baserast på kommunal pensjonskostnad, som er ein gjennomsnittskostnad ikkje berre for eigen kommune, men for alle kommunane som har pensjonsordning hos same pensjonsleverandør.
Kven får pengane?
Telemarksforsking har funne at dei private i gjennomsnitt betalar 6 prosent i pensjonskostnad, mens ein utjamna kommunal kostnad er bortimot 20 prosent. Kven får desse pengane når dei ikkje går til lønnskostnad? Får barn i private barnehagar eit betre tilbod, eller blir dei ekstramidlane overført til barnehageeigarane?
Som økonomisjef i Time kommune ønskjer eg ei forenkling av tilskotssystemet basert på sist avlagde rekneskap og inflasjonsjustert til tilskotsåret. Eg ønskjer at kommunen skal få styringsrett over barnehageopptaket i private barnehagar, slik at dei må ha avtale med kommunen for å få rett til tilskot for barnehageplass til barn som ikkje har rett til plass.
Eg ønskjer at diskusjonen om kva pensjonskostnad som skal nyttast i tilskotssatsen, blir lagt død. Lag ein normsats, og la kommunane få lov til å gi ekstra tilskot til dei barnehagane som har høgare pensjonskostnad. Blir desse forslaga gjennomført, vil me spare både administrative ressursar og millionar i tilskotsmidlar. I ein vekstkommune som vår, har vi nok av oppgåver vi kunne putta ekstraressursar i.