Varaordførar i Ålesund,  Vebjørn Krogsæter (Sp), har ambisjonar om å bli ordførar i Haram. Kommunen riv seg laus frå storkommunen. – Eg gler meg til å kome i gang med ein ny kommune. Samstundes er det eit stort ansvar. Men ansvaret er også god motivasjon, seier han.

Foto: Tone Holmquist

Klar for comeback som ordførar i nye Haram

Vebjørn Krogsæter (Sp) vil gjerne bli ordførar i gjenoppståtte Haram igjen. Men han vil sakne spennande representasjonsoppgåver i Ålesund.  

FOLKEVALGT

I år er det kommunevalg. Kommunal Rapport vil fram mot valget intervjue kandidater til valget, men også de som takker for seg.

  • Vebjørn Krogsæter
  • Posisjon: Ordførarkandidat for Haram Senterparti og varaordførar i Ålesund.
  • Bakgrunn: Byggmeister.
  • Viktigaste sak: Alt som kan samlast under bulyst.

– Senterpartiet har stått i spissen for å lausrive Haram frå nye Ålesund, så du må vel rekne med å bli ordførar, slik du var før samanslåinga. Korleis blir det?