Nyheter

Står fast på konkurranse

Fleirtalet i Stavanger vil ikkje høyre på Fagforbundet eller rådmannen, og held fast ved at drifta av ein sjukeheim skal ut på anbod.

Publisert Sist oppdatert

I bystyret måndag kveld vart det ein krass debatt om saka, skriv Stavanger Aftenblad.

Odd Kristian Reme (Ap) skulda fleirtalet for å sjå vekk frå faglege råd. Han synte til innstillinga frå rådmannen, som konkluderte med at kommunen tek over drifta av sjukeheimen når den noverande kontrakten med Norlandia Care AS går ut.

Boganes sjukeheim har til saman 64 plassar, og rådmannen meiner det har vore eit godt samarbeid så langt. Men det er markert fleire klagar på tilbodet frå kundane, lovbrot er ikkje handtert skikkeleg og kartlegging for å sikre at behova til kundane vert teke vare på, er ikkje god nok.

Kostnadane har vore 5 prosent lågare ved Boganes enn dei kommunale sjukeheimane.

Fleirtalet i bystyret, Høgre, Venstre, KrF og Frp, streka i debatten under at kommunen sjølv gjerne må kome med eit tilbod for å drifte Boganes.

Per A. Thorbjørnsen (V) skryt både av legetenesta og det lindrande tilbodet ved sjukeheimen.

– Denne saka skulle ikkje vere nokon evaluering av Norlandia Care. Den handlar om konkurranseutsetjing på ein av våre 20 sjukeheimar. Dette er eit nyttig korrektiv i seg sjølve, at vi kan samanlikne kommunal drift med ein aktør som har vunne ein kontrakt, seier han ifølgje Aftenbladet.

Powered by Labrador CMS