Nyheter

Finanstenester må på anbod

Finanstenestene må kommunane setje ut på anbod. Viss ikkje er faren for at band mellom kommune og seljarar vert for tette.

Publisert Sist oppdatert

Det seier Per Olav Nilsen, som både er revisjonsdirektør i Trondheim og leiar for Norges kommunerevisorforbund.

Nilsen innleia på den årlege konferansen til Kommunalbanken, som fann sted i Oslo i dag, torsdag.

Kommunerevisjonen i Trondheim har kome med hard kritikk av finansforvaltninga i kommunen, der investeringar som vart gjort for nokre år sidan kan påføre kommunen tap på fleire hundre millionar kroner.

– Det er høg risiko for at pengane kan gå tapt.

Kort avstand

Samla har kraftfondet i Trondheim hatt god avkastning, med unnatak av i 2008. Men revisjonsdirektøren peikar på at det er budsjettert med direkte avkastning frå fondet i dei årlege kommunale budsjetta, og at det aukar presset på at fondet skal levere gode resultat.

Nilsen meiner det er ein risiko at det vert for kort avstand mellom kommunen og rådgjevarar og forvaltarar. For å unngå det, må kommunane følgje innkjøpsreglane og setje finanstenester ut på anbod - om ikkje dette er ein oppgåve som kommunen ordnar sjølv. I så fall må det vere eit krav om at kommunen faktisk har god nok kunnskap til å gjere jobben godt nok.

I Trondheim meinte kommunen at anbod ikkje var nødvendig, sjølv om kontrakten med Griff er verdt 900.000 kroner, ein avtale selskapet har hatt i snart ti år.

På spørsmål frå salen om korleis ein kan tvinge kommunane til å ha anbod på desse tenestene syner Nilsen til marknaden sjølv, leverandørane har høve til å klage kommunar inn for Kofa. Eit såkalla direkte kjøp som er ulovleg, kan straffast med 15 prosent av kontraktverdien.

Betre rapportering

I Trondheim spurte fleire politikarar lenge om å få betre informasjon om kva fondet investerte i. Nilsen meiner rapporteringa skulle vore annleis, særleg i høve til å vise kva risiko som låg i investeringane.

– Med så komplisert arbeid finansforvaltning er, er det ofte ein fare for at berre nokre sit med kunnskapen, og at den ikkje når godt nok ut. Krev openheit! Særleg når du har politikarar som ønskjer informasjon dei kan forstå, seier Nilsen.

På konferansen vart det referert tal frå ei undersøking Kommunepartner har gjort, der det kjem fram at færre kommunar no har såkalla finansielle aktiva. Samstundes er det fleire enn før som seier at finansreglementet ikkje er kvalitetssikra.

I første versjon av artikkelen siterte vi Nilsen på at han meinte finansforvaltninga særskilt skulle på anbod. Det korrekte er finanstenestene.

Powered by Labrador CMS