Nyheter

Eg elskar plan- og bygningslova
Fylkeskommunen si eigentlege oppgåve er å samordne den fragmenterte staten. Så enkelt er det. Det er stort. Men det er vanskeleg å få folk til å forstå, skriv @fylkespolitikar i si faste spalte på Kommunal-Rapport.no.Om spalta
Enkelte har ikkje heilt klart for seg kva fylkeskommunen eigentleg er og kva vi driv med og kvifor fyleskommunen er viktig.
Dette er eigentleg svært enkelt: Fylkeskommmunen er samfunnsutviklar. Regional utviklingsaktør. Fylkeskommunen driv rett og slett med å jobbe sektorovergripande for å gi ei strategisk retning til samfunnsutviklinga.
Vi jobbar med å mobilisere privat sektor, kulturliv og lokalsamfunn i desse strategiske retningane. Og ikkje minst skal fylkeskommunen samordne og koordinere offentlege innsats og verkemiddelbruk i tråd med denne strategiske samfunnsutviklinga.
Fylkeskommunen er partnerskaps- og nettverksorientert. Vi har rett og slett eit partnerskapsapparat klart. Vi har viktige utviklingsoppgåver. Den mobiliserande dimensjonen i dette er svært viktig.
Fylkeskommunen er fasilitator, arena og møteplass. Og eg elskar plan- og bygninglova, som er fylkeskommunen sitt viktigaste verktøy for å få til denne sektorovergripande og kommuneovergripande strategiske utviklinga. Fylkeskommunen vedtar regional planstrategi. Vi gjer knallharde prioriteringar i alle regionale planar. Vi har aller tøffast prioriteringar i den regionale arealplanlegginga. Vi må sjå sektorane i samanheng, ikkje vere sektororganisert, sjå heilheitleg.
Fylkeskommunen må rett og slett løyse sektorproblemet, dei problema som sektororganiseringa elles i samfunnet skapar. Det er ikkje lite. Slik freistar vi å styrke kommunane og styre den regionale staten.
Fylkeskommunen si eigentlege oppgåve er å samordne den fragmenterte staten. Så enkelt er det. Det er stort. Men det er vanskeleg å få folk til å forstå dette, kommunalministeren og. Eg får vel invitere han på ein kopp kaffi.