Debatt

Gunnlovsjubileet er eit høve til å markere kor viktig ytringsfridommen er, meiner skribenten. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven, NTB scanpix
Gunnlovsjubileet er eit høve til å markere kor viktig ytringsfridommen er, meiner skribenten. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven, NTB scanpix

Ytringsfridom og tilsette i omsorgsyrka

Ytringar frå tilsette er viktige for dei som skal ta avgjerder, i til dømes budsjettsaker.

Publisert Sist oppdatert

Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening har ein tankevekkjande kronikk i Aftenposten av 9. januar i år. Jensen tek for seg ytringsfridommen til kommunalt tilsette arbeidstakarar. Han seier det slik: «Når kommuneleger refses for å ytre seg offentlig om sykehjemsdekningen i egen kommune, vitner det om dårlig forståelse for kjernen i årets grunnlovsjubileum.»

Knebling

Skribenten er her inne på noko svært viktig. Vi må ikkje komme i ein situasjon kor informasjons- eller kommunikasjonsreglement fører til at kommunen sine eigne tilsette blir fråtekne retten til å ytre seg offentleg. Da talar vi om knebling. Om slike reglement seier Jensen: «Dette er dokument som i stor grad handler om å unngå motstemmer og kritikk.»

Det blir i kronikken vist til kommunane Rana og Bodø. I Rana har ein sjukeheimslege motteke ei skriftleg åtvaring med vising til reglementet fordi han to gonger i lesarinnlegg i lokalavisa har gitt uttrykk for sine synspunkt på den kommunale budsjettbehandlinga. I Bodø har ein fastlege og avdelingslege ved rehabiliteringsavdelinga i kommunen i eit lesarinnlegg peika på det vedkomande meiner kan bli konsekvensane av det ho meiner er mangel på sjukeheimsplassar i kommunen. Her har det også blitt reaksjon med vising til mediekommunikasjon.

 Rana Blad skriv slik: «Begge ytringene handlet om konsekvensene for de eldre, hvis det politiske flertallet valgte å legge ned sykehjemsplasser.»

Viktige ytringar

Slik eg ser det, er ytringar frå tilsette viktige for dei som skal ta avgjerder, i til dømes budsjettsaker. Vidare er det viktig at kommunen sine innbyggjarar får innsikt i flest mogleg fagleg funderte synspunkt på politiske prosessar. Det skal ikkje skje siling av faktisk relevant informasjon! Dette må vere tindrande klart! Som enkeltpersonar kan tilsette, til dømes i omsorgsyrka, fritt ytre seg med heimel i Grunnlova.

Generalsekretæren i Norsk Redaktørforening seier det slik: «Vel er informasjonsreglementet i mange norske kommuner gitt nesten bibelsk status, men juridisk holder det nødvendigvis ikke. Kommunen kan regulere hvem som skal uttale seg på vegne av kommunen, men ikke ulovlig innskrenke den enkeltes rett til å uttale seg som enkeltperson.»

Som medlem av jubileumskomiteen i Surnadal i høve 200-årsjubileet for landet si grunnlov, vil eg på eit framtidig møte i komiteen ta opp kor viktig ytringsfridommen er for oss alle. Denne fridommen må det ikkje rokkast ved. Eg ser det som sjølvsagt at norske kommunar følgjer elementære demokratiske spelereglar for tilsette sin ytringsfridom. Dette skjer dessverre ikkje alle stader.

Powered by Labrador CMS