Debatt

Viktig å varsle

Fire av fem rektorar meiner skuleleiarar ikkje tør stå fram offentleg og fortelje om kritikkverdige tilhøve i skulen. Dei fryktar reaksjonar frå sjefane sine rundt om i kommunane, som vi rapporterte på kommunal-rapport.no tidlegare denne veka. Kvar femte grunnskulerektor seier dei har fått refs etter å ha uttala seg offentleg.

Det er oppsiktsvekkjande. Takka vere ei fersk undersøking frå Utdanningsforbundet kjem problemet på dagsorden. Det gir håp om betre kår for ytringsfridomen. Sjølv om resultata av denne kartlegginga ikkje er betre enn tilsvarande undersøkingar som er gjort tidlegare.

Rådmenn og skulesjefar i kommunane bør ha interesse av ein annleis statistikk. I eit demokrati er det grunnleggjande å ha fridom til å ytre seg. Det bør ungane lære, ikkje berre av boka, men og av det som skjer i praksis på skulen.

Regjeringa har tala varmt for ein kultur som legg til rette for å varsle når noko ikkje er som det skal. Og slik bør det vere i kvardagen. Ikke berre i festtalane.

Kommunane må ta ansvar for at det framleis rår ein misforstått lojalitetskultur. Det er på høg tid at rektorane sine stemmer kjem fram i den offentlege debatten. Det er viktig for politikarane, og folk flest, å høyre argumenta deira. Ikkje minst er det vesentleg å ha rom for å varsle om tilhøve det er grunn til å kritisere. Det er minst like naudsynt i offentleg sektor som elles. Kunnskapsministeren opnar i Dagsavisen tysdag for å sjå på politikken kring openheit nasjonalt. Kvar kommune som ikkje har ein god og open praksis bør no syte for å få det.

Skrevet av: Kommunal Rapport

Powered by Labrador CMS