Debatt
Ved skulestart
Det er heilt andre bygningar enn skular som i dag viser styrke og som gir heilt andre arbeidsfelt høg status.
Hausten er tid for skulestart. 6-åringane som skal ta til i første klasse startar med ei opplæring som for dei fleste vil vare i meir enn 13 år. Til saman går meir enn 800.000 barn og unge i grunnskule og vidaregåande skule, og nesten 100.000 vaksne arbeider der.
Meir enn ein femdel av folket i landet har verksemd direkte knytt til grunnopplæringa, som er den desidert største arbeidsplassen i landet.
Det reflekterer at skule og utdanning er viktig for den einskilde og for fellesskapen. Vi er alle avhengige av at så mange som råd har god utdanning. Skulen er med på å skape den viktigaste ressursen nasjonen skal møte utfordringane i framtida med, kompetanse. Finansministeren meinte at kunnskapen og dugleiken i folket er langt viktigare enn oljeindustrien. Mellom annan difor har kravet til kvalitet i skulen auka dei siste åra.
Kvalitet heng saman med mange tilhøve. Eg har gjort det til vane å sjå på skulebygningane og skuleplassane der eg ferdast. Kva slags fysiske vilkår er elevar og lærarar tilbodne for å utføre denne viktige oppgåva?
Observasjonane mine er gjorde frå utsida. Det er store skilnadar i kvaliteten i skulebygningane og uteområda i ulike kommunar. Nokre stader er skulane flotte. Andre stader er berre synet av skulane urovekkjande. Det er deprimerande å sjå kor nedslitne og triste skulane er der tilhøva er dårlegast. Manglande vedlikehald er ei sak, stygge skular er ei anna. Det er ikkje langt mellom skulane som ser heimelaga ut, og som ikkje kan ha vore infiserte av kvalifiserte arkitektar.
Det inntrykket ein får på utsida, samsvarar oftast med tilhøva innanfor dørene. Ulike granskingar og rapportar viser at forfallet mange stader er kome langt. Der er dårleg luft. Temperaturen i romma er anten for høg eller for låg og kan ikkje endrast.
Skitne og øydelagde toalett og garderobar er ikkje sjeldan. Manglande vedlikehald gjer det uråd å halde reint. Berre ein del av skulane i landet er godkjende etter forskriftene om helsevern. Klasseromma og arbeidsromma for lærarane er ein del stader lite tilpassa moderne undervisning. Ikkje alle lærarar har høvelege arbeidsplassar. Det vil visstnok koste over 60 milliardar kroner å sette alle skulane i landet i stand.
Det er symbolske effektar av forfallet i skulebygningane. Den estetiske kvaliteten av eit hus formidlar kulturen og samfunnet sine prioriteringar. Slott, Stortinget, opera og bankar er døme. Den skulen eg starta mi karriere i, likna på Eidsvoldsbygninga. Den formidla alvor, autoritet og status og bar bod om at det som gjekk føre seg i romma innanfor var viktig.
Dagens tilhøve kan mange stader gje det motsette signalet - forfallet kan tyde at utdanning ikkje er særleg viktig eller at utdanning ikkje er prioritert. Det er ikkje så nøye med. Det er heilt andre bygningar enn skular som i dag viser styrke og som gir heilt andre arbeidsfelt høg status.
Dei fysiske arbeidsvilkåra er eit signal om verdsetting av dei som har virket sitt på ein stad. Når desse vilkåra er dårlege, kommuniserer det nedvurdering av menneska. Dei er ikkje så viktige. Det er ikkje noko godt grunnlag å arbeide ut frå, korkje for elevar eller personalet ved dei skulane som er verst stilte. Det påverkar trivselen og motivasjonen negativt, og i enkelte tilfelle også helsa. Ein del vaksne og unge kjenner seg uvel på grunn av tilhøva. Enkelte må vere heime på grunn av slitasje. Og så er det dei som ikkje har tilgang, fordi det fysiske miljøet ikkje er lagt til rette, dører er for smale og heisen manglar.
Den endelege konsekvensen av dei mangelfulle fysiske vilkåra er dei resultata elevane når i skulearbeidet. Ei positiv og fysisk kultivert atmosfære er ein dannings- og inspirasjonsfaktor i læring og utvikling. Skuleanlegget med rom, innreiing, lys, overflater, fargar, lukt og lyd utgjer ein integrert del av det mentale bildetvi har av skulen. Når dette bildet er negativt og arbeidsvilkåra er mangelfulle, verkar det inn på motivasjon, arbeidslyst og arbeidsevne og dermed på innsats og prestasjonar. Det fremjar ikkje fagleg læring.
Kompetanseutviklinga vil på sikt lide under dei negative materielle vilkåra i skulen. Mange innser det. Det er likevel ingenting som tyder på at utfordringane vert løyste med det første. Ikkje berre er dei økonomiske konsekvensane store. Eit slikt arbeid vil også ta tid på grunn av det store omfanget. Og så er det liten politisk gevinst å hente i å rydde opp gamal skit. Det ligg meir prestisje i nye store tiltak som å flytte eit museum eller bygge ein ny tunnel.