Debatt

Valfridom gjennom omsorgslønn

Samfunnet må støtte opp om dei som vil ta vare på sine næraste. Difor vil vi no gå gjennom ordninga med omsorgslønn.

Helsetilsynet  har gått igjennom korleis ordninga vert praktisert og meiner det er for store variasjonar i korleis kommunane praktiserar omsorgslønn. Tilsynet er uroa over rettstryggleiken, både for dei som skal ha løn og for dei som skal ha omsorg.

Eg er oppteken av at dei som ønskjer omsorgslønn skal ha ei ordning som er føreseieleg, uansett kvar dei bur.

Det er viktig at vi gjev den einskilde valfridom, og legg til rette for at ein skal kunne få stønad til å ta vare på sine næraste.

Slik stønad vil gjere det mogeleg for fleire omsorgstrengjande å få mykje av den hjelpa dei treng av sine næraste i vande omgjevnader. Dette gjeld omsorg for pårørande i alle livsfasar.

Å leggje til rette for at fleire eldre får bu heime er også god bruk av ressursar. Kommunane får ansvar for langt fleire eldre dei næraste åra.

Men aller viktigast. Familien får sjølv velje.

Regjeringa er oppteken av å gje betre rammevilkår for dei som ynskjer å utføre pleie- og omsorgsoppgåver for sine næraste. Difor foreslo vi i desember i fjor fleire tiltak som gjev betre mogelegheiter til å kombinere arbeid med pleie- og omsorgsoppgåver. Til dømes ny rett til ti dagars permisjon utan løn kvart år for å gje nødvendig omsorg til foreldre og ektefelle /samboar, og utvida rett til permisjon og pleiepengar ved pleie av nære pårørande i sluttfasen av livet.

 Som vi varsla i Soria Moria 2 vil regjering no sjå nærare på korleis kommunane handterar ordninga med omsorgløn. Målet er å gje både omsorgstrengande og pårørande eit berte liv – og reell valfridom. 

Skrevet av: Liv Signe Navarsete, leiar Senterpartiet

Powered by Labrador CMS