Debatt
To veker fleksibel ferie for både lærar og elev
Fri for elevar utanom skuleferiane – eit alternativ til forbod.
Media har fokusert på at foreldra søkjer borna fri frå skulen utover haustferie og vinterferie, og problema dette medfører for skulen. Nokre rektorar har uttalt seg i refsande ordelag. Dette skapar eit inntrykk av at foreldra er uansvarlege, set eigne behov framfor borna si opplæring. Det er ei heilt klar utfordring for skulen at det finst klassar der ein til to elevar til ei kvar tid er fråverande på ferie med foreldra, men er forbod eller strengare praksis løysinga?
Tidleg i min rektorkarriere prøvde eg å stramma inn den praksis som var innarbeidd. Foreldra søkte likevel elevar fri frå skulen. Etter kvart som eg lærte lokalsamfunnet å kjenna og vart tryggare og tryggare på at dei aller fleste fornedra verkeleg ynskjer borna sine sitt beste, forsonte eg meg med situasjonen. Eg mislikte sterkt å moralisera over foreldra sine val. Medarbeidarane mine / lærarane ved skulen låg til rette for elevane si læring i fråvereperioden for å bøta på situasjonen.
Spørsmålet eg oftare og oftare stilte meg var om ikkje løysinga på «fråvereproblemet» er motsett.
Bakgrunnen for tankane mine var det enormt store arbeidet lærarane i fyrste klasse la ned for å få 6-åringane til å fungera som enkeltelevar og som gruppe. Dette arbeidet begynner normalt å bere frukter i månadsskiftet september/oktober. Då vert det haustferie. Slik samfunnet har utvikla seg er det berre eit fåtal av foreldra som kan vera heime i borna sin haustferie. Difor må skulen opna skulefritidsordninga heile dagen. Skulefritidsordninga er noko lausare i organiseringa enn skulen. Dette er jo trass alt borna si fritid. Relativt ofte måtte fyrsteklasselærarane starta opp att på det viktige arbeidet med å etablera arbeidsmiljøet i fyrsteklassen.
Vinterferien i februar/mars skapte ikkje dei same pedagogiske utfordringane. Likevel kom den – og kjem enno – midt i den beste arbeidsperioden i skuleåret.
Enn om me tok vekk både haustferien og vinterferien og erstatta dei med to veker fleksibel ferie for både lærar og elev.
Foreldra har hovudansvaret for elevane si opplæring. Skulen skal som profesjonell organisasjon gjera sitt til at elevane får ei best mogleg undervisning. Undervisning er i didaktikken definert som førebuing av undervisning, gjennomføring av undervisning og etterarbeid. Det er dette som på kortform er lærarane sin profesjon.
Dei aller fleste skulane har for lengst innført digitale læringsplattformer. Desse fungerer også som kommunikasjonskanal mellom elev og lærar og mellom skule og heim. Her ligg også elevane sine vekeplanar. Slik kan foreldra til ei kvar tid følgja med på kva borna skal arbeida med på skulen. Dei digitale læringsplattformene kan lastast ned kor som helst i verda. Ferierande elevar kan i lag med foreldra arbeida med om lag det same som klassen eller gruppa held på med.
Lærarane sitt uttak av fleksiferie må skje etter turnus og styrast etter ferielova. Dei skal få sine to veker ferie, men me treng ikkje stenga skulen ei veke om hausten og ei veke om vinteren
Sjølvsagt vil dette krevja tilrettelegging og organisering frå skulen si side, men det er mogleg.
Kva for veker foreldra enkeltvis ynskjer å ta ut ferien må sjølvsagt tidlegast mogleg klarerast med skulen. Dette for å ta vare på fellesopplevingane og møteverksemda mellom skule og heim som er så viktige for elevane.