Debatt
Terra-saka og departementet
Eg ser at statsråden vurderer gransking av departementet si rolle i saka. Det var på tide.
I eit rundskriv frå 2003 står:
«Departementet fikk en henvendelse fra et fylkesmannsembete om finansielt salg av konsesjonskraft og forholdet til kommunelovens regler om låneopptak. Bakgrunnen for saken var at en kommune hadde inngått en avtale som sikret prisen på kommunens konsesjonskraft i 10 år fremover. Denne kontantstrømmen ble gjennom en rentebytteavtale med en finansinstitusjon avtalt å komme til utbetaling til kommunen gjennom et engangsbeløp tilsvarende kontantstrømmens nåverdi. Revisjonen i vedkommende kommune mente at avtalen måtte likestilles med lån.
Departementet tok utgangspunkt i at begrepet lån ikke er definert i kommuneloven, men at begrepet må ses i sammenheng med de hensyn kommuneloven er ment å ivareta, herunder nasjonale hensyn og hensynet til en sunn kommunal økonomiforvaltning.
I lys av balansekravet mente departementet at rentebytteavtalen for så vidt har de samme økonomiske realitetene som et lån, men at grunnlaget for bestemmelsen i § 50 nr. 1, herunder det finansielle ansvarsprinsipp og hensynet til et stabilt aktivitetsnivå i kommunene, tilsier at avtalen ikke kan likestilles med et lån».
Det hadde vore greiare dersom omgrep i ei lov vart brukt som i fagområdet omgrepet kjem frå, for lån økonomi. Dersom ein ønskjer spesielle juridiske tolkingar, bør desse nettopp spesifiserast i lova. Dette som ein allmenn merknad.
Det er lett å forstå kva avgjerda er, men å forstå samandraget av premissane er vanskeleg. Sitatet frå rundskrivet er heller eit skuleeksempel på tåkelegging av argumentasjon, men det er gjerne tilsikta og gjort med høg kompetanse i den lei?
Ein skal merke seg at det er vist til «rentebytteavtalen» i bestemt form. At det tilfellet som vart stilt spørsmål om ikkje er teke stilling til i eit generelt svar, er såleis vidare tåkelegging - om nokon hevdar det.
Eg trur det er slik å forstå at departementet meiner det ikkje er nødvendig av nasjonale omsyn og omsynet til sunn kommunal økonomiforvaltning å halde på ei streng tolking.
At ikkje nasjonale omsyn og omsynet til sunn kommunal økonomiforvaltning tilseier at det er tale om ulovlege lån, framstår no som feilvurderingar. Men dette er og ei følgje av investeringar departementet ikkje er ansvarleg for.
Eg siterer frå eit regjeringsdokument: «Det finansielle ansvarsprinsipp innebærer at det forvaltningsnivå som har det praktiske ansvaret også bør ha det finansielle ansvaret», dvs. at kommunane skal ha det finansielle ansvaret for tenestene sine.
Det er ikkje lett å vite kva departementet meiner med å nemne prinsippet i rundskrivet, men det kan vere noko slikt: Kommunane bør i størst mogleg grad kunne bruke eigne ressursar til kva ein vil under eige ansvar, dette bidreg på lang sikt til sunn kommunal økonomiforvaltning. Akkurat det er eg samd i.
Departementet meiner at avtalen «for så vidt har de same økonomiske realitetene som et lån». På den andre sida verkar det som om departementet meiner verknaden på «aktivitetsnivå» ikkje er den same. Kva skulle ha meir å gjere med økonomiske realitetar enn aktivitetsnivå?
Det kan vere at «har de samme økonomiske realiteter som et lån» berre er meint å tyde noko slikt som «er et lån i vanlig økonomisk terminologi», og at ein akkurat her ikkje meiner å kome inn på realitetar kring konsekvensar av låneopptak.
At rentebyteavtalen fremjar «stabilt aktivitetsnivå», er langt frå openbert. Rett nok er det tale om å sikre prisen på konsesjonskraft. Men det er og tale om utbetaling av eit eingongsbeløp som kan gje grunnlag for varierande aktivitetsnivå, særleg når ein seier det ikkje er lån.
Staten har laga detaljerte regelverk om det meste i kommunal økonomiforvaltning for å sikre «en sunn kommunal økonomiforvaltning», men held i praksis ikkje auge med om kommunane drivulovleg spekulasjon som grovt kan skade kommuneøkonomien. Kanskje ein heretter kunne leggje meir vekt på det vesentlege?