Debatt
Statleg satsing kommunal handlingsløyse
Kvifor har kommunane, i ei tid med sterke statlege føringar for tilpassa opplæring, redusert rammevilkåra?
Tilpassa opplæring er eit sentralt satsingsområde i opplæringa, men har kommunane skjøna dette og følgd det opp? Svært mange kommunar har omorganisert administrasjonen og gått over til ein tonivåmodell. Medan det tidlegare var eit skulekontor med skulesjef, konsulentar og sekretærar, finst det no kommunar som har redusert dette til ein evt. fleire rådgjevarar utan fullmakter.
Vi har fått ei rekkje kommunar som har skulefagleg kompetanse utan fullmakter, og fullmakter (rådmenn) utan skulefagleg kompetanse.
Tilsynsrapportar frå fylkesmennene stadfestar at skuleeigar ikkje maktar å gjennomføra dei oppgåver dei er pålagde.
Om det er ein konsekvens av dette som har medført reduksjon av ressursar til tilpassa opplæring, skal vera usagt, men det talmateriale eg har tilgang til syner ei klår negativ utvikling i kommunenoreg.
I perioden 2000-2006 har lærartimetalet auka slik:
Skuleår 2000/2001 2005/2006
Lærartimar 41.991.504 43.820.480
Kjelde: Riksrevisjonen: Dokument 3:10 (2005-2006)
I det same tidsrommet har undervisningstimane (minstetimetalet) for elevane på barnetrinnet auka med 7,45 prosent (frå 161 til 173). I høve til sum lærartimar, utgjer dette ein auke på 5,2 prosent, medan den faktiske auke er berre 4,4 prosent.
Korleis løyser kommunane dette utan at elevane får redusert minstetimetal?
Ei matematisk fordeling av lærartimetalet 2000-2001 mellom barnetrinn og ungdomstrinn gjev slikt resultat:
Barnetrinn 7/10 29.394.053
U. trinn 3/10 12.597.451
Tillegg b. trinn 7,45% 2.189.931
Nytt lærartimetal 44.181.435
Dersom kommunane hadde auka timetalet i samsvar med vekst i timetal for barnesteget, ville timetalet i 2005-2006 vore 360.955 timar høgare (44.181.435).
Tek ein utgangspunkt i at det ikkje er overført timar frå ungdomssteg til barnesteg for å dekka opp auke i minstetimetalet, har timetalet til undervisning på barnesteget vorte redusert med 1,2 prosent.
Då alle elevane på barnesteget har fått undervisning i samsvar med dei endringar av minstetimetal som er gjennomført, er det grunn til å spørja kvar kommunane har henta dei timane som manglar.
I statsbudsjetta (St.prp. nr. 1) (2001) finst det oversyn over korleis undervisningstimetalet er fordelt. Minstetimetal (100%), spesialundervisning (22%) delingstimar, tilpassa opplæring (25%) framandspråk (8%), anna (20%)
Når kommunane skal auka minstetimetalet utan ei tilsvarande auke av totalramma, må ein redusera noko av tillegga til minstetimetalet. Spesialundervisninga er timar vedteke gjennom enkeltvedtak, og det er vanskeleg å få til reduksjonar. Likeeins kan ein heller ikkje redusera omfanget av framandspråk. Andre timar er delvis avtalefesta til kontaktlærar, rådgjevar, elevrådskontakt m.m.
Det som då står att, er delingstimar og tilpassa opplæring. Ein del av delingstimane kan ikkje reduserast. Det er t.d. ikkje lov å ha meir enn 15 elevar pr. lærar i symjing. I heimkunnskap og ein del formingsaktivitetar vil det vera praktisk umogeleg å gjennomføra undervisning med store grupper på 20-30 elevar. Då står ein att med tilpassa opplæring, om lag 20 prosent av minstetimetalet.
Ut frå den matematiske fordelinga mellom barne- og ungdomstrinn ovafor, vil 20 prosent av minstetimetalet for barnetrinnet utgjera 5.878.810 timar. Dersom kommunane tek 360.955 timar frå tilpassa opplæring for å gjennomføra auke i minstetimetalet, vil denne timeramma verta redusert med 6,1 prosent. I den same perioden er elevtalet auka med 4,4 prosent.( Dok 3:10 05/06)
Den statlege satsinga på tilpassa opplæring synes lite meiningsfull i det daglege arbeid på skulane så lenge kommunane reduserer handlingsrommet for utvikla betre tilpassaopplæring.