Debatt

Sjukeheimar eller omsorgsbustader

Kvar fjerde norske kommune planlegg å redusere talet på sjukeheimsplassar fram mot 2015 viser ein rapport. Dette er alarmerande opplysningar!

I følgje rapporten «Framtidas  omsorgsbilde» som Senter for omsorgsforsking – Sør har laga for Helse- og omsorgsdepartementet, planlegg heile 24 % av landet sine kommunar å kutte talet på sjukeheimsplassar fram mot 2015. Samstundes planlegg 13 % å auke talet på sjukeheimsplassar vesentleg. Høgskoledosent Einar Vetvik, som saman med Gunnar Disch ved Høgskolen i Telemark har laga overnemnde rapport, seier det slik: «Trenden ser ut til å bli at kommunene heller vil bygge omsorgsboliger. 68 % av kommunene har planer om å bygge vesentlig flere omsorgsboliger enn de har i dag. Det ligger sjelden eksplisitte økonomiske vurderinger bak dette, men det legges vekt på at omsorgsboliger er vesentlig billigere enn institusjonsomsorgen».

Fleire fakta synest å stadfeste dei resultata rapporten ”Framtidas omsorgsbilde” har kome fram til. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det er registrert nedgang i talet på sjukeheimsplassar for fjoråret. Reduksjonen i sjukeheimsplassar var på 69 i 2009 samanlikna med 2008. Det vil i praksis seie at sjukeheimsutbygginga har stoppa opp i landet vårt! Oppgåver frå Husbanken frå første halvdel av i år viser vidare at det berre er søkt om bygging av 85 nye sjukeheimsplassar. Dette er 460 færre enn på same tid i fjor. Det er ikkje rart at kommunane sin interesseorganisasjon KS er bekymra over situasjonen. KS trur nemleg  ikkje at regjeringa sitt mål om at det skal innvilgast 2.500 nye omsorgsplassar innan utgangen av året blir nådd. I denne samanheng blir det vist til uttale frå direktør for interessepolitikk i KS, Helge Eide.

I eit lesarinnlegg i Adresseavisa av 21.09.10 s. 33 uttalar statsminister Stoltenberg m.a. følgjande: «Regjeringens mål er at det innen 2015 skal være full sykehjemsdekning i Norge, ved at alle som trenger sykehjemsplass eller heldøgns omsorg. Denne høsten setter vi i gang et omsorgsløft for å nå viktige mål for god og verdig eldreomsorg. Flere plasser: Regjeringen vil foreslå tilskudd til bygging av 2000 sykehjems- eller heldøgnsbemannede omsorgsplasser i 2011». Så langt statsministeren.

Talet på eldre vil auke sterkt framover. I 2016 vil dei som blei fødde i 1946 bli 70 år (dei store etterkrigskulla).  I 2020 vil det i følgje SSB bli mange 80-åringar mellom oss. Med aukande alder kjem gjerne sviktande helse. Dette krev at hjelpetilboda må aukast betydeleg!

I ein høyringsuttale til Samhandlingsreforma seier forbundsleiaren og leiaren i det sentrale helseutvalet i Pensjonistforbundet det slik: «Vi har behov for både sykehjemsplasser og omsorgsboliger i kommunene. Men antall sykehjemsplasser er for lite i forhold til eldre over 80 år. Det er helt nødvendig å øke byggingen av sykehjemsplasser med god medisinsk behandling, rehabilitering, pleie og omsorg. Utskrivningsklare pasienter fra sykehus må kunne gis riktig viderebehandling, rehabilitering, omsorg og pleie i et sykehjem. Mange kommuner har fra før dårlig økonomi, og de ser seg nødt til alltid å velge den billigste løsningen. Dette har medført at omsorgsboliger velges framfor sykehjemsplasser, selv om dokumentert behov viser at det er sykehjemsplasser de trenger». Klar tale dette! Fylkeseldrerådet i Møre og Romsdal har gitt uttrykk for eit liknande syn. Ein skal vere varsam med lettvinte løysingar. Det kan straffe seg på sikt! For kommunane er oppføring av omsorgsbustader ei billegare løysing enn å skaffe fleire sjukeheimsplassar. Avheimling, dvs. omgjering avsjukeheimsplassar til omsorgsbustader ser ein og konkrete døme på. Ein omsorgsbustad kan på ingen måte fullt ut erstatte ein sjukeheimsplass. Dette må ein ikkje gløyme!

Fylkeseldrerådet har i ein samrøystes uttale om framtida si sjukeheimssatsing m.a. sagt det slik: «Vi ser at kommunane slit med økonomien. Prioriteringar mellom ulike sektorar har ofte som resultat at eldreomsorga blir skadelidande. Med dei innstrammingar i offentlege utgifter som er meldt frå sentrale styresmakter, er vi redde for at situasjonen ikkje vil betre seg vesentleg for eldreomsorga i kommunane. Når styresmaktene heller ikkje er villige til å øyremerke midlar til utbygging av helsetilboda i kommunane, er vi redde for at skildnadane på tilbod blir store i kommunane».

På leiarplass i lokalavisa Driva av 24.09.10 heiter det i innleiinga følgjande: «Budsjettdebattene nærmer seg i Kommune-Norge. Sparing er nøkkelordet, slik det har vært lenge. De fleste kommuner i Driva-distriktet sliter med å holde de lovpålagte tjenestene på et akseptabelt nivå». Eg vil tru mange andre kommunar er i «same båt» som kommunane på indre Nordmøre.

Mi meining er at for å sikre svaktstilte grupper ein viss lik sikra minimumsstandard, bør øyremerka statlege tilskott ytast. Inn i denne gruppa kjem, etter mitt skjøn, dei statlege midlane til eldreomsorg. Ved hjelp av øyremerka midlar har ein her i Norge t.d. lukkast svært så bra med å oppnå godt som full barnehagedekking. Kan ikkje det same gjerast når det gjeld eldreomsorga? Da skulle det og vere større sjansar for å oppnå tilnerma like tilbod for dei eldre, uansett kor dei måtte bu her i landet.

Skrevet av: Johs. J. Vaag, folkevald og tillitsvald i frivillige organisasjonar

Powered by Labrador CMS