Debatt

Årdal er ein av fem kommunar i Sogn og Fjordane som er i Robek. Arkivfoto: Ole Morten Melgård
Årdal er ein av fem kommunar i Sogn og Fjordane som er i Robek. Arkivfoto: Ole Morten Melgård

Robek-paradokset

Det er eit paradoks at kommunar med nøkterne inntekter går i balanse, mens fleire av dei rikaste strevar med økonomien.

Publisert Sist oppdatert

Alle Robek-kommunane i fylket er kraftkommunar med inntekter høgt over gjennomsnittet.

Vi har no fem Robek-kommunar i Sogn og Fjordane. Kommunar som enten har eit budsjett eller ein økonomiplan i ubalanse, eit oppsamla underskot som ikkje vert dekt inn i løpet av to år eller ikkje følgjer vedteken plan for å dekke eit underskot, vert melde inn i Robek-registeret. Robek-kommunar treng godkjenning frå Fylkesmannen av lånevedtak, budsjettvedtak og av vedtak om å gjere langsiktige leigeavtalar.

Det er naturleg å tenke at det helst er kommunar med tronge rammer som vert innmelde i Robek. Slik er det ikkje i Sogn og Fjordane no. Alle Robek-kommunane er kraftkommunar med inntekter høgt over gjennomsnittet.

To av dei, Vik og Bremanger, har vore i Robek sidan 2008 som følgje av Terra-saka. Årdal kommune vart innmeld i 2013 fordi dei ikkje greidde å dekke inn eit stort underskot i løpet av to år, og hadde vedteke ein økonomiplan i ubalanse. Same år vart Lærdal kommune meld inn fordi politikarane hadde vedteke ein økonomiplan som ikkje synte dekning for alle utgiftene. Høyanger kommune vart innmeld i år av same årsak.

Desse tre kommunane har lite frie fondsmidlar, som kan tene som ein buffer når ikkje alt går som planlagt. Samtidig har vi fleire andre kommunar som trass lågare inntekter, har klart å setje til side pengar og opparbeide seg solide fond.

Likevel har vi den paradoksale situasjonen at kommunar med nøkterne inntekter går i balanse, opparbeider seg frie fond og klarer å skaffe seg eit handlingsrom, mens fleire av dei rikaste kommunane strevar med økonomien.

Dette fortel at ein god kommuneøkonomi ikkje berre dreiar seg om pengar, men òg om god og langsiktig planlegging, kompetanse og leiing. Og ikkje minst – om politikarar som tek ansvar. Når politikarane vel ikkje å vedta framlegg frå administrasjonen om korleis kostnader kan kuttast eller inntekter aukast, er det politikarane sitt ansvar å legge fram alternative tiltak for å få økonomien i balanse.

Etter gjennomgang av rekneskapane for 2013, får kraftkommunane mest sannsynleg selskap av fleire kommunar i Robek-registeret for Sogn og Fjordane. Utviklinga i kommuneøkonomien går med andre ord ikkje i rett retning i fylket vårt.

Powered by Labrador CMS