Debatt
Redda av gode trendar
Trøysta for ein kommune som har dårleg økonomi, er at målet ikkje er å tene pengar. Men å vere lutfattig er ikkje løysinga, det heller.
For oss talnerdar, er 15. mars ein stor dag. Då kjem Kostra-tala, og sjølv om dei er førebelse og må sjekkast grundig, gjev dei det beste biletet vi har på korleis kommuneøkonomien var i fjor. Dei er eit termometer på korleis det står til med organisasjonane som byr på den viktigaste delen av velferda her i landet.
Svaret er ikkje enkelt. Fylkeskommunane har som vanleg svært gode resultat, så gode at deira argument om at det kjem for lite pengar til dei nye fylkesvegane, ikkje får mykje sympati. Sett av meir pengar til vegvedlikehald, i staden for å fylle grisen med mynt.
I kommunane er biletet annleis. Rett nok ser netto driftsresultat ut til å hamne på rett under 3 prosent, om vi tek med kommunale føretak, men tala syner at den enorme veksten i inntektene dei siste åra i alle fall ikkje går med til å trygge økonomien.
Aktivitetsveksten kan ikkje halde fram, seier TBU-leiar Lars-Erik Borge i avisa i dag. Men det er lite som tyder på at politikarane høyrer på slike råd. Samhandlingsreforma vil føre med seg store nye oppgåver til kommunane, og opposisjonen på Stortinget samlar seg no om eit krav om å gje kommunane hovudansvaret for barnevernet. Kan vi ane ei rørsle for sterkare lokal styring, i staden for ei sterkast mogleg statleg styring? Det er lov å håpe.
Kommunane kan ikkje tene både kundane og Mammon, for å låne ei frase frå religiøse skrifter. Det er alltid nokre fleire som kan få bistand i heimen, dei gamle kan få dusj og dessert litt oftare, ungane kan få meir leksehjelp eller betre SFO. I økonomiundervisninga vert ein sjølvsagt åtvara mot slike «utgiftsadvokatar» som – grøss og gru – vil nytte meir pengar på nye tilbod.
Dei tydelegaste utgiftsadvokatane er gjerne rikspolitikarar som ikkje er redde for å kritisere kommunane for eit eller anna som er gale – noko er det jo alltid. Det er vanskeleg på den eine sida å skulle halde att og ikkje nytte meir pengar, og på den andre sida å gjere som Jens, Erna eller Siv forventar av deg.
Kostra-tala syner at kommunane faktisk prioriterer å tene kundane i staden for Mammon. Ja, netto driftsresultat er slett ikkje gale. Men det er berre heilt ok i eit år då børsen har vore ellevill, renta låg og pensjonsreglane nesten like inntektsbringande som før.
Kommunane skal ikkje vere bankar som legg seg opp enorme summar på bok. Ei stor mengd pengar kjem òg frå staten med merkelapp på, og det ville vere å bryte spelereglane mellom staten og kommunane om ein til dømes ikkje gjev gratis leksehjelp i SFO i år. Men det er nett det vi ser hender fleire stader. Ein kuttar ved å ta i mot pengane til nye oppgåver, men droppar å gjere det som er forventa.
Dei fleste trendar har vore til hjelp for det kommunale rekneskapsresultatet. Slik vert det ikkje kvart år. Får ikkje kommunane ned pengebruken på nokre områder, kan fleire få eit alvorleg sjokk når inntektene ikkje lenger veks så raskt som tidlegare. Då kan det vere lurt å ha litt pengar på bok. Kuttøksa skal helst ikkje nyttast i panikk.