Debatt
Opne døra og slepp oss inn!
Kontrollutval og revisjon må opne seg mot omverda. Det må vere slutt på at kritikk vert handsama i lukka rom utan vindauge.
Berre eitt av fire kontrollutval har som hovudregel at det skal vere opne dører til møta i utvalet. Det er altfor dårleg, og eit tydeleg teikn på at det er ein lang veg å gå før alle utval fyller oppgåva på best mogleg måte.
Vi journalistar har heller ikkje mykje å skryte av, syner tala Kommunal Rapport har samla inn. Dei fleste leiarane i kontrollutval meiner i alle fall at lokalmedia sjeldan eller aldri skriv noko om kva som hender i utvalet. Det er ikkje noko avisene kan skulde på andre for – sjølv om det i mange høve er vanskeleg for journalistane å få ut sakspapir, og medlemmane i kontrollutvalet kan vere stummare enn østers.
Men Kommune-Norge slit enno med ein kultur om at ein helst skal halde mest mogleg hemmeleg. Sidan lova er utforma slik at kontrollutvalet må gjere noko aktivt for å opne dørene, er det kan hende ikkje overraskande av tre av fire framleis synes det er greitt å halde omverda frå livet.
Ingen av oss likar å få kritikk, og arbeidet i eit kontrollutval handlar ofte om å gje kritikk til både den eine og den andre. Men vi har ikkje vald ei styreform med lokaldemokrati av di det er mest behageleg. Ein rådmann må leve med at det administrasjonen har gjort, vert diskutert og dissekert for open scene.
Her skil det offentlege seg grunnleggjande frå det private. Openheit er heilt avgjerande i offentleg forvaltning. Det er ikkje byråkratane som skal styre, det er dei folkevalde. Uansett kor god rådmann, sosialleiar eller økonomisjef kommunen har – det er folket som skal styre kommunen, gjennom dei vi vel til oppgåva kvart fjerde år.
Difor er den eigentlege arbeidsgjevaren for eit kontrollutval eller ein revisor alltid innbyggarane. Av den grunn åleine må det som går føre seg i kontrollutvalet og revisjonen av prinsipp vere offentleg og ope.
No som byrådet i Bergen ønskjer å setje revisjon ut på anbod, er dette eit element som politikarane må ta omsyn til. Kven er best til å opptre i offentlegheita? Private revisorar som i det daglege er ekspertar på å halde kjeft om eigne kundar, eller offentlege revisorar som har som mandat å revidere kommunen på vegner av allmenta?
Om ein ikkje utformar kontrakten rett, ligg det ein stor fare i at ein privat revisor berre vil gje ut informasjon til den som formelt tingar rapportane. Men det er ikkje slike revisorar vi treng i det offentlege. Sjå berre på korleis Jørgen Kosmo, som er tømrar, fyller rolla som riksrevisor. Her har både kontrollutval og kommunerevisorar mykje å lære. På same vis som kontrollutvalet leverer sine saker vidare til kommunestyret, sender Kosmo sine rapportar til Stortinget. Men medan kontrollutvalet låser dørene når dei skal diskutere sakene sine – som nærast utan unnatak har offentleg interesse – inviterer Kosmo til pressekonferansar og legg ikkje fingrane imellom når han kritiserer dei han har revidert.
Vi har val om elleve månader. Bruk dei til å opne dørene til kontrollutvalet, sørg for at revisjonen talar med allmenta og legg ut alle dokument på nett og andre offentlege møteplassar. Det verste som kan hende er at fleire får innsyn i kva som hender i kommunen. Kan det vere så ille?