Debatt

Om eg var rektor
Eg er lærar på ein vidaregåande skule. Men tenk om eg var rektor!
Om eg var rektor, ville eg ha mistenkt at ganske mange av lærarane mine arbeidde meir enn pålagt tid i løpet av eit skuleår
Om eg var rektor, måtte eg ha styrt lærarane og dei andre ressursane på skulen slik at dei kom elevane best mogleg til gode. Dette måtte skje innanfor rammene av gjeldande avtalar. Korleis skulle eg ha gjort det?
Om eg var rektor, ville eg fått laga ei oversikt som sikra at elevane fekk dei timane dei skal ha i dei faga dei har valt, og i rom som passar. Nokon må ha gym i gymsalen og andre drive forsøk på kjemilabben på same tid. Sidan elevane lærer best gjennom lange, føreseielege prosessar, bør dei få ha alle faga sine litt kvar veke. Eg trur eg ville kalla det «timeplan».
Om eg var rektor, hadde eg lagt inn eit par timar med møtetid på tider der elevane ikkje var på skulen. Eg ville fått laga ei oversikt over kva slags møte som var nødvendige å ha på kva tid og fordelt dei ut på desse timane. Eg trur eg ville kalla det «møteplan».
Om eg var rektor, ville eg sett lærarane mine til å undervise i dei faga der dei er ekspertar. Eg ville vere klar over at ganske få av lærarane mine er allmennlærarar frå lærarskulen. Dei fleste på ein vidaregåande skule har fagbrev, er ingeniørar eller har ein grad frå universitet eller høgskule. Eg ville forstå at det var umogleg for meg å setje meg heilt inn i både fransk, matematikk, elektronikk og byggfag, så eg ville lytta til dei utspela som kom frå fagmiljøa.
Om eg var rektor, ville eg fått rekna ut kor mange timar i veka kvar lærar kunne arbeide for at stillinga vart om lag 100 prosent. Dermed kunne elevane få ha dei same lærarane frå veke til veke, slik at dei blei kjende og trygge på kvarandre, og slik at lærarane visste kva kvar elev trong. Eg trur eg ville sett lærarnamna også inn på timeplanen.
Om eg var rektor, ville eg forstått at ein må førebu timane for at undervisninga skal bli god. Eg ville skjønt at det følgjer med etterarbeid dersom elevane skal få tilbakemeldingar, vurderingar og karakterar. Og eg ville visst at dette arbeidet tek ulike former og ulik tid i forskjellige fag. Det går fortare å rette ei matematikkprøve enn ein norskstil, og det er mindre rettearbeid i kroppsøving. Eg ville ha vore glad for at det fanst ei lesepliktavtale som reknar ut kor mykje for- og etterarbeid kvart fag skal utløyse, for det ville vore uoverkommeleg for meg å rekne det ut i detalj dersom kvar av mine hundre lærarar skulle kontrollerast i fag som dei dessutan ofte kunne betre enn eg gjorde.
Om eg var rektor, ville eg samordna prøver og innleveringar, slik at elevane fekk passelege dosar om gongen og ikkje fleire prøver same dag. Eg ville fått laga ei oversikt som gjorde at elevar og lærarar såg kva som skulle skje og kunne planlegge ganske langt fram i tid. Eg hadde tenkt at det var greitt for dei å vite når det var planlagt skidag eller heildagsprøve. Eg trur eg ville kalla dette for «prøveplan».
Om eg var rektor, ville eg ha skjønt at lærarane stort sett kom til å vere på skulen heile dagen utan at eg påla dei det. Eg ville ha visst at dei kom tidleg om morgonen for å få parkeringsplass, og at dei neppe ville reise frå arbeidsplassen om dei hadde ein fritime før neste undervisningsøkt.
Om eg var rektor, ville eg ha prøvd å forhandle meg fram til at det var frivillig for lærarane å vere på skulen i fritimane mot at dei kunne bli pålagt å møte på kveldstid på karaktermøte og foreldresamtalar utan at dette skulle utløyse overtid etter reglane om lang dag eller delt arbeidsdag. Då ville eg kunne spare litt pengar, og lærarane ville stort sett vere på arbeid heile dagen på grunn av timeplanen likevel. Om eg ikkje fekk tak i ein lærar eg skulle snakke med, ville eg skaffa meg ein gjenstand eg kunne snakka i, slik at han kunne høyre kva eg sa på avstand. Eg trur eg ville kalla det «telefon».
Om eg var rektor, ville eg ha hatt ganske god kontroll over lærarane mine si arbeidstid. Eg ville forstått at dei kom til å gjere førebuingsarbeid før undervisningstimane sine og rettearbeid etter at dei hadde hatt prøver. Altså ville timeplanen og prøveplanen vere nok til å styre kva lærarane skulle gjere for at skuledagane skulle fungere.
Om eg var rektor, ville eg vore glad for at eg ikkje var pålagd å styre førebuing og etterarbeid i detalj. Eg ville forstått at det ville vore heilt umogleg for meg å halde styr på kva som skulle til for å førebu så ulike emne som radiosending, utplassering i bedrift, særemne i litteratur, FN-rollespel eller kjemiforsøk. Eg ville mistenkt og frykta at eit krav om å få styre detaljane kunne blitt møtt med eit «ver så god».
Om eg var rektor, ville eg hatt mange lærarar som hadde stillingsbrøkar som ikkje gjekk heilt opp. Dersom nokon var tilsett i 100 prosent stilling, men berre kom opp i 99 prosent arbeid etter at timane deira var plassert på timeplanen, ville eg ha brukt den siste prosenten deira på vikartimar. Eg trur eg ville kalla det «undertid».
Om eg var rektor, ville eg forstått at det ville vere unødvendig og provoserande å lage tvangsordningar for noko som mine lærarar gjorde frivillig uansett. Eg ville ha frykta at slike pålegg ville blitt møtt med så mykje motvilje at lærarane ikkje lenger gjorde det dei hadde gjort før av eigen fri vilje.
Om eg var rektor, ville eg ha skjønt at kontorforholda på ein skule ikkje er heilt optimale. Eg ville ha forstått at det er vanskeleg å konsentrere seg om å rette stilar mens ei gruppe i same rom planlegg ein ekskursjon til Tyskland. Eg ville hatt stor forståing for at mange måtte ta med seg arbeid heim til kveldar, helger og «feriar». Eg ville vore glad for at eg slapp å finne pengar til å betre kontorforholda, men kanskje hatt litt dårleg samvett for det òg.
Om eg var rektor, ville eg ha mistenkt at ganske mange av lærarane mine arbeidde meir enn pålagt tid i løpet av eit skuleår. Eg ville ha tenkt at dersom ein faktisk skulle telje alle arbeidstimane, kunne det fort blitt meir overtid enn undertid av det, i alle fall om ein tok med alle dei unødvendige timane til kontrollarbeid eg måtte gjere.
Om eg var rektor, måtte eg gjere mykje meir enn dette. Men heldigvis har eg ein rektor som arbeider om lag slik. Derfor slepp eg å vere rektor, og kan vere lærar i staden. Det er jo det eg vil.