Debatt

Nytale lokalt og nasjonalt

Mange finn det vanskeleg å feste lit til offisiell politisk språkbruk her i landet. Det er gjerne på tide vi tek fatt på å analysere kvifor politisk språkbruk har tapt i truverd.

Då George Orwell i 1948 skreiv 1984, ville han karakterisere og framskrive tendensen frå eiga samtid - 1948 er 1984, 1984 er konsekvensen av 1948.

Orwell meinte at heile det engelske språket vart øydelagt og pint til det ugjenkjennelege under krigen, då kunnskapar måtte løynast og folk berre kunne hinte om det viktigaste til innforståtte. Fyrste offeret for krigen var gjerne sanninga, slik Churchill sa, men andre offeret var «common sense», alminneleg god måte å uttrykkje seg forstandig på.

Sidan, meinte Orwell, ville språkbruken bli mindre og mindre sakssvarande, meir og meir forvirrande, inntil alle omgrep stod for det motsette av kva dei gjorde før.

Offentleg - særleg offisiell - språkbruk her i landet nærmar seg no det ubegripelege. Det vil seie, så lenge vi ikkje les offisielle fråsegner som uttrykk for det motsette av det som blir sagt. Det må ha noko å gjere med at Noreg er i krig. For vår krigsminister er «operasjonar» i Afghanistan den naturlegaste sak av verda. Ordet som høyrest så effektivt ut, løyner at det handlar om folk, om unge menneske som ser og opplever grusame ting, og som kan komme til å måtte gjere uhyggjelege gjerningar mot andre menneske.

Slikt er altså «operasjonar», ikkje krigshandlingar. Styresmaktene kan ikkje forklåre kva Noreg krigar langt borti Asia etter. Ingen stortingsrepresentant maktar å opne ei vitskapleg avhandling om politiske eller kulturelle tilhøve i Afghanistan. Mental kraft til å rydde opp i resonnementa kan såleis ikkje ventast frå Stortinget. Difor må offisielle talspersonar med stor omsut late som om norskingane berre er borti der for å rydde opp, lage demokrati, passe på born, skada og godt betalte helsearbeidarar. Det er klart slikt sludder går ut over vit og forstand.

Språkforvirring som inneber logisk samanbrot ser vi i statsverksemder som i kommunalstyring. «Styrking av kommuneøkonomien» får no lov å bety «nedlegging av tilbod» mange stader. Ja, lønsauken siste året har sin del av skulda. Det er samstundes slik at kommunane tek imot midlar til særskilde føremål, men brukar pengane der det ter seg mest naudsynt for augneblinken. Er dei då tvinga til det, og bør difor tilgjevast, eller bør staten tvinge dei til å disponere annleis?

Sjå det får vi ingen diskusjon om, for det er visst ikkje mogleg å tale om slikt på offisiøs norsk. Men når nasjonale planar for skule blir parkeringsplassar, undergrev vel kommunane sin eigen fridom til sist. Før eller sidan må vel nokon inn og overstyre dette, elles får alle ulik utdanning alt etter kommunens økonomiske evne og dei tilfellelege hugskotta til dei som styrer der. Sameleis når det gjeld kulturtilbod, som vi no av nyare europeisk forsking veit er svært viktig for å gje folk grunnlag for å orientere seg i samfunnet.

Kunnskapsløftet, som ligg mange av oss undervisarar på hjartet, var eit fikst ordspel: Eit løft og eit løfte. I så fall vart løftet for tungt og straks brote. Norsk og engelsk skulle det satsast på, og kultur- og samfunnsfag skulle få bøker på båe målformer, det skulle oppstå nye flotte samarbeidsopplegg der alle skulle hjelpast til å lese, skrive og rekne betre i alle fag.

Resultatet er så langt stor forskjelsbehandling i grunnutdanninga, for alt blir omtolka etter kommunens evne. Somme stader tolkar dei styrking av lesing, norskfag, engelsk og rekning som satsing på spesialpedagogiske tiltak, andre stader som høve til rasjonalisering med basisgrupper og arealinnvinning.

Og så politikarane våre, då, som framleis unisont skrik opp om betre lærarutdanning. Det er berre det, at dei heile tida talar om femårig utdanning med meir pedagogikk, ikkje meir fag. Slike femårsutdanna folk vil ikkje berre fortrengje lektorane og ta over vidaregåande til sist, om dei slepp til, men når så universiteta no har teke til å lage si eiga pedagogikk-styrte lektorutdanning, så serdet ut til å bli kjøkkenvegen for folk med så dårleg resultat frå vidaregåande (under karakteren 3 i snitt) at dei jamvel ikkje slepp inn på lærarskulane kringom.

Jojomenn. Ein må vel sno seg på sløge måtar, når den vanlege gehalten av omgrepet «løfte» no er så grundig undergrave, og vi ikkje lenger kan lite på offisiell språkbruk om koss det offisielle Noreg skal ta vare på ungdommen, framtida for landet, ein gong. Vanlege gode argument er jo ikkje lenger gyldige, så spørsmålet vil måtte bli: Kva er det ungdommen lærer om koss dei skal te seg, i eit samfunn som gradvis misser språkleg truverd?

Powered by Labrador CMS