Debatt

Nådde ikkje fram

KS har ikkje nådd ut til folk med sine argument for ein stor lokal likelønspott i lønsoppgjeret.

Det kan vi slå fast på grunnlag av meiningsmålinga vi i dag bringer. Tala syner at mange lokalpolitikarar – grunnfjellet i KS – ikkje støttar organisasjonen i kravet om ein så stor lokal pott som det forhandlarane arbeidde for. Særleg Ap, SV og store delar av sentrum er på kollisjonskurs med administrasjonen. 

Heile diskusjonen om likeløn har vore vanskeleg i denne konflikten. Arbeidstakarane reknar likeløn som lik løn for same type stilling og same lengd på utdanninga, ikkje berre lik løn for likt arbeid. Arbeidstakarane samanliknar òg på tvers av sektorar – KS reknar internt i kommunesektoren.

At det skulle vere ein klår samanheng mellom lokale forhandlingar og likeløn, som har vore ein del av bodskapen frå KS, har nok vore vanskeleg for mange å forstå. Her kan ein seie at mandatet organisasjonen har arbeidd ut frå, der både lokal pott og likeløn skulle vere viktig, ikkje har vore det enklaste. Når eit klart fleirtal meiner at KS skulle ha gjort meir for å unngå streik, kan det tolkast som om opinionen tykkjer KS ikkje har klart å kombinere desse måla godt nok.

Når dette er sagt, syner meiningsmålinga at KS har god støtte i å halde seg innanfor ramma til konkurranseutsett industri. Det er bra, og kan vere eit signal om at lokalpolitikarane ser at arbeidsvilkår i det offentlege handlar om meir enn løn. Ikkje minst har dei aller fleste tilsette i kommunane ei svært god pensjonsordning. Ordninga er eit viktig gode som det er all grunn til å ta vare på – men det er vanskeleg å halde tritt med løningane i det private og samstundes ha ei suveren pensjonsordning. Difor var det rett av KS å halde igjen på ramma.

Når organisasjonen skal evaluere eigen innsats kan han gjere lurt i å vere kritisk til eigen tenking rundt likeløn og lokal pott. Det er lite sannsynleg at 430 lokale forhandlingar gjev meir likeløn samla sett enn forhandlingar der partane sit saman sentralt.

Skrevet av: Kommunal Rapport

Powered by Labrador CMS