Debatt
Mens vi ventar
Forvaltningsreforma har gitt fylkeskommunane ansvar for nye vegar. Ho har gitt lesarane av Kommunal Rapport høve til å følgje eit drama mellom to statsrådar.
Som vi skriv i dagens avis, reagerar kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa sterkt på at budsjettet til samferdselsminister Liv Signe Navarsete sitt departement kan tolkast slik at 80 prosent av riksvegane skal overførast til fylkeskommunane, men ingen nye ressursar. Ingen tilsette frå Statens vegvesen følgjer med.
KS-leiar Halvdan Skard seier dette er i strid med det KS har oppfatta som forutsetninga for reformen. Fleire fylkespolitikarar har også reagert. Det er det god grunn til.
I eit Kommunal Rapport-intervju i vinter sa fylkesrådmann Matz Sandman at det vil vere i strid med lova å velte regninga for manglande vedlikehald av vegane fram til no over frå staten til fylkene.
- Siste ord er ikkje sagt, lovte Kleppa på fylkeskonferansen til KS i Hedmark og Oppland før helga. No ventar vi. Konsultasjonsmøtet mellom KS og regjeringa tysdag ga inga avklaring.
Poenget med ei reform må vere at noko skal bli betre. Da er det eit godt prinsipp at ressursane følgjer oppgåvene.
Kleppa vil ikkje kommentere konflikten med samferdselsministeren nærare. Ho held fram at «vi skal finne ei god løysing som sikrar fylkeskommunen kompetanse til oppgåva som blir overført».
Det bør skje raskt, om overføringa av riksvegane frå 2010 ikkje skal bli eit godt døme på feilslått politikk.