Debatt
Kva avgjer kvar du vil bu?
Vi er mindre stadbunde enn tidlegare. Folk flytt på tvers av kommunar, regionar, fylke og landegrenser, på tvers av sosiale, religiøse og kulturelle identitetar. Er det muleg for distrikta å vere med i kampen om innbyggjarane i framtida?
Flyttestraumen går mot byar og tettbygde strok. Inn i område med kapital, flest arbeidsplassar, breie kulturtilbod og sosial breidde. Historia fortel at i medgangstider sentraliserast Norge. Veksten kjem med andre ord primært folketette område til gode.
Som folk blir vi meir og meir like. Barnehagane tek vare på dei minste etter same mal, innhaldet i skolane er i hovudsak det same over heile landet, vi går i dei same kleda, lyttar til den same musikken, blir påverka av den same reklamen og lastar ned dei same ringjetonane. Media formidlar dei same sakene og gjer oss engasjerte og opplyste i løpet av sekund. Uansett kvar det skjer, kven som formidlar og kvar vi oppheld oss i verda.
Som innbyggjarar er vi sikra ein god oppvekst og trygg alderdom uansett kvar vi buset oss i Norge. Nasjonale føringar og reformer, samt lokale folkevalde og tilsette, sørgjer for dette. Kan rein luft, god plass, mykje natur og nærdemokrati dempe på sentraliseringa?
Tilgang til arbeid og tryggheit elles er ein føresetnad når ein skal busette seg. Det same er tryggheit til kvalifiserte og nære kvalitetar i ulike fasar av livet og ein arbeidsplass der det er fellesskap og utfordringar.
Når folkevalde og innbyggjarar i distriktskommunar går i markeringstog og kjempar for sjukebil, lokalsjukehus, skole eller opprusting av veg, fortel dette om engasjerte innbyggjarar. Men det fortel også noko om kampen for tryggheit, nærheit og frykta for å miste noko. Vi skal vere glade for slike markeringstog. Og kommunane og staten bør sette seg grundig inn i kvifor frykta oppstår og gå i dialog framfor køyre «saka» gjennom uansett og utan justeringar.
Innimellom vil ein måtte gå i konflikt med innbyggjarar for å få gjennom tiltak. Overordna interesser, pålegg og økonomi gjer dette nødvendig. Å sleppe innbyggjarane til vil alltid tilføre meir kunnskap, fornuftige justeringar og utløyse kjensle av få lov til å påverke sin eigen kvardag.
Er det her noko av nøkkelen til dei mindre kommunane ligg? Mindre avstand mellom innbyggjarar og kommunale vedtak. Betre oversikt og enklare innsyn i prosessar og der det er enklare å få kontakt både med folkevald og kommunetilsett.
Med fleire innbyggjarar følgjer meir engasjement, fleire elevar, fleire brukarar av kommunale tenester, fleire forbrukarar av private varer og tenester, fleire medlemmar i lag og organisasjonar og ikkje minst; fleire til å ta initiativ og til å ta ansvar.
Alle kommunar ønskjer seg barnefamiliar. I dei ligg framtid og kjøpekraft. Kommunane gjer seg mest mogleg lekre og vene for at ein barnefamilie nettopp skal velje den kommunen framfor ein annan. Mange gjennom flotte brosjyrar og kreative heimesider som fortel om rike jakt- og fiskemulegheiter, at dei ligg sentralt plasserte på norgeskartet og framtida ligg nettopp i den kommunen.
For å vinne framtidsfamilien meiner eg det er to målgrupper kommunane må rette fokuset mot: Kvinna og barna.
Kvinnene er i fleirtal ved nær sagt alle høgare skoleslag. Dei tek plass ved stadig fleire møtebord, og dei blir stadig meir sentrale i private og offentlege næringsmiljø. Derfor må kommunane ha kunnskap om kva kvinnene tenkjer og kva for verdiar dei legg vekt på når dei vurderer ulike lokalsamfunn dei kan tenkje seg å etablere seg i.
Stadig fleire tenkjer framtid og karriere gjennom sine eigne barn, og at barna får ein trygg oppvekst, sunne oppvekstmiljø og god barnehage og grunnskole. Ein skole som har i seg dei nasjonale måla og læreprinsippa, men som arbeiderpå ein måte som gjer at alle føler seg sett, prioritert og får mulegheit til å vise fram sterke sider.
I Vågå vil den integrerte skolen ha fokus dei neste åra. Utgangspunktet er todelt:
• ein skole som gjev eleven det beste utgangspunktet i møtet med vaksenlivet
• ein skole med kvalitetar som gjer at forelder ønskjer å busette seg i Vågå.
Vågå ønskjer på denne måten å ta eit grep som for ein del vil kunne bli det vesle ekstra som gjer at forelder i etableringsfasa nettopp vel å busette seg i Vågå. Om tilhøva elles ligg til rette for dette.
For å lykkast her, må vi finne balansen mellom teori med fokus på dei tunge faga, SFO, mat på skolen, lekselesing i skoletida, kulturskolen sine tilbod, fysisk aktivitet og meir til. Og næringslivet skal inn med si kompetanse. Dei frivillige laga og organisasjonane vil også bli utforda med si kompetanse og sine miljø.
Vågå har 450 grunnskoleelevar. Dette er 450 ulike barn og unge. Alle med ulike talent og motivasjonsutgangspunkt. Vi vil forsøke å få fram talentet i alle. Gutane vil få eit særleg fokus, inn tidlegare med tilleggsressursar til dei som treng dette og enda meir fokus på læremiljøet. Avgjerande for å lykkast er at Vågå har «dei gode lærarane».
Det er ei stor målsetting og samansett utfording Vågå her har tatt på seg. Erfaringar vil vi dele med andre kommunar som ønskjer å sette fokus på skolen for mellom anna å auke bulysta i kommunen. Mange kommunar er dyktige i skolearbeidet sitt, og vi vil gjere det på vår måte. Eleven skal gle seg til skuledagen, avgangsresultata skal betrast og folketalet aukast.
Kommunestyret i Vågå har lagt lista høgt. Men så vil lokaldemokratiet få ei spennande og samlande målsetting å arbeide etter i tida framover. For å lykkast med dette, må samhandlinga med sambygdingane vere aktiv og solid. Og det kan vi få til i ein kommune som Vågå, der avstandane mellom innbyggjar og iverksettar er kort.