Debatt
Kundane treng dine kritiske spørsmål
Ein innkjøpar må vere nesten like kritisk som ein journalist for å kunne vurdere om anbodet er realistisk – eller om det varslar ein tragedie for kundane.
Ved nyttår tok eit nytt firma over kontrakten med Oslo kommune om TT-køyring i byen. Oslo er vår største kommune og sannsynlegvis den som veit mest om korleis ein skal kjøpe inn tenester.
Likevel vart det ein katastrofe, der firmaet ikkje har levert den tenesta kundane har krav på. Ville du ha funne deg i å måtte køyre halve Oslo rundt og komme for seint til avtalar av di sjåføren må fylle opp bilen? Sjølvsagt ikkje. TT-kundane til Oslo kommune har ikkje fått den tenesten dei skal forvente.
I november i fjor skifta Asker kommune renovasjonsfirma. Færre bilar og færre folk skulle hente like mykje søppel som før. Løysinga var å tilsette utanlandske arbeidarar på dårleg løn og ekstreme arbeidstider – og resultatet var at kundane ikkje fekk den tenesta dei betalar for.
Slik kan vi fortsette og liste opp døme på døme der kommunar som set tenester ut på anbod, får ei særs dårleg vare i retur. I slike saker handlar det ikkje berre om underleverandøren gjer den jobben han skal. Er det klåre brot på kontrakten, er det berre å seie den opp – og i verste fall gå til søksmål. Men det er like mykje eit spørsmål om kommunen har gjort dei undersøkingane som er naudsynte, før kontrakten vart underskriven.
«Regelverket skal også bidra til at det offentlige opptrer med stor integritet, slik at allmennheten har tillit til at offentlige anskaffelser skjer på en samfunnstjenlig måte», heiter det i lova om offentlege innkjøp. Det handlar ikkje berre om å få ting til lågast mogleg pris, slik ein ofte kan få inntrykk av.
Korleis kan til dømes Asker kommune tru at langt færre bilar og langt færre tilsette kan gje same kvalitet på tenesta som før? Har dei utgreiingar og analyser som tilseier at leveransen er så ineffektiv? Eller kan det hende at kommunen rett og slett ikkje veit at leverandøren tekjer å kutte i maskinpark og mannskap?
Oslo og Asker burde vere to av dei beste på innkjøp i Kommune-Norge. Sett utanfrå verkar det ikkje som om kommunane har vore flinke til å auke kompetansen og sørgje for å ha evne til å stille dei rette og kritiske spørsmåla til dei som ønskjer å tene pengar på å levere tenester til det offentlege.
Å stille kritiske spørsmål er ein sentral del av eit innkjøp. Opplysningane frå leverandørane må vere så konkrete i tilbodet at kommunane reelt kan vurdere korleis kvaliteten på tenesta vil bli. Får ikkje kommunane desse opplysningane, må innkjøpssjefane spørje om att til det står klårt for kommunen korleis tenesta vert løyst.