Debatt

Kommunane må ta grep for dei vanskelegstilte

Det er kommunane som har hovudansvaret for å hjelpa vanskelegstilte på bustadmarknaden. Kva for behov innbyggjarane har, varierer sterkt frå kommune til kommune. Difor er det viktig at kommunane har fridom til å organisera arbeidet ut ifrå dei lokale utfordringane.

Fram til no har vi ikkje hatt ein god nok oversikt over korleis kommunane organiserer det bustadsosiale arbeidet. Vi har såleis heller ikkje visst nok om kva konsekvensar valet har for tilbodet til dei vanskelegstilte.

Ein ny rapport frå Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA), Fragmenter og koordinert (rapport nr. 18/08), viser at kommunane vel å organisera arbeidet ulikt. Arbeidet er òg i stor grad fordelt på mange aktørar i kommunen. Med ei fragmentert organisering er det avgjerande at dei ulike aktørane er koordinerte og samkjørte. NOVA finn at mange kommunar ikkje klarer dette godt nok. Dei skriv at det kanskje er på dette området at mange kommunar møter den største utfordringa i det bustadsosiale arbeidet sitt.

Husbanken er ein viktig støttespelar for mange kommunar. Husbanken forvaltar ei rekkje store økonomiske ordningar; bustøtte, bustadtilskot og startlån. I tillegg har regionkontora i Husbanken betydeleg bustadsosial kompetanse som kommunane kan dra nytte av. Mellom anna kan Husbanken medverka til å utarbeida bustadsosiale handlingsplanar og støtta opp om arbeidet økonomisk. Ein bustadsosial handlingsplan kan vera eit effektivt verkemiddel for å få eit heilskapleg grep om arbeidet med vanskelegstilte på bustadmarknaden. Erfaringane frå slikt planarbeid er mange, og Husbanken har difor utarbeidd ein rettleiar om dette. Rettleiaren ligg tilgjengeleg på www.husbanken.no.

Mi oppmoding er at kommunane nyttar den erfaringa og kunnskapen som no finst til å gjennomgå si eiga organisering. Har den strategiske og den operasjonelle delen av kommunen ei felles forståing av arbeidet med å sikra at òg vanskelegstilte bur trygt og godt? Berre då kan ressursane nyttast mest mogleg effektivt.

I januar la regjeringa fram ei eiga tiltakspakke med tilskot nok til å sikra 1500 fleire kommunalt disponerte bustader til vanskelegstilte. Dette betyr ei dobling, då statsbudsjettet for 2009 allereie inneheld tilskot til 1500 bustader. Dette gjev eit unikt høve til å få folk i hus! Kommunar som slit med for få bustader bør difor gripa den sjansen som no byr seg.

Eg ber kommunar og friviljuge organisasjonar om å vera særleg merksam på følgjande: Medan det ordinære tilskotet til utleigebustader gjennomsnittleg er på 20 prosent, kan det ytast opp til 40 prosent til bustadprosjekt som gjeld bustadlause og andre personar som krev eit heilskapleg hjelpeapparat.

Frå 1.juli 2009 innfører vi ei ny og betra bustøtte. 50 000 husstandar, i tillegg til dagens omlag 100 000 husstandar, er venta inn i ordninga. På sikt vil det bety 1 milliard kroner meir til vanskelegstilte husstandar årleg. Den totale løyvinga vil vera om lag 3,5 milliardar kroner. I tillegg aukar vi Husbanken si låneramme frå 12 til 14 milliardar kroner. Innanfor låneramma har startlånet fyrsteprioritet. Dette lånet kan gi grunn-eller toppfinansiering til den som har problem med å få fullfinansiering i ein privat bank. Dette lånet er meir aktuelt enn nokon gong fordi det òg kan nyttast til refinansiering. Kommunane kan låna så mykje Startlån dei vil for vidare utlån.

Lykke til!

Skrevet av: Magnhild Meltveit Kleppa

Powered by Labrador CMS