Debatt
Kommunal skrivekunst
Det skal heite «gaten», ikkje «gata», meiner fleirtalet i Frogner bydelsutval i Oslo. Dei vil ha nye skilt, koste kva det koste vil.
Språk engasjerer i kvar kommune. Det vere seg nynorsk eller bokmål, større eller mindre saker om måten vi skriv på. Ein kan spørje om skrivemåten på gatenamn burde vore den lengste debatten i utvalet på Frogner? Især når språkforskarane har sagt at skilnadene minkar mellom talespråket i Oslo vest og øst. No seier Språkrådet attpåtil at vedtaket ikkje er gyldig, av di forslaget ikkje har vore på høyring. Saka skulle til slutt vore lagt fram for Stadnamntenesta i Språkrådet, før vedtak i bydelen. Her har iveren gått over demokratiske omsyn.
For ei stund sidan fekk eg ei anna nyttig påminning om at språk er makt. Eg fekk umiddelbar positiv tilbakemelding på at eg ikkje hadde skrivefeil i ein søknad om plass til sonen min på same offentlege skule som dottera mi. Det var jo hyggeleg, men eg fekk ingen reaksjon på innhaldet i brevet. Ikkje først. Eg måtte berre vone at rettskrivinga ikkje tok merksemda frå det eg ville! Samstundes lurte eg på korleis ortografien var blant andre som skreiv til skulen, og korleis leiinga reagerte her.
Det er mykje dårleg orddeling og feil frå folk i kjappe sms og e-postar, i nokre søknader og, men det burde i alle fall vore betre stelt med formidlinga i kommunen. Mest hadde kommunane tent på å føre eit enklare språk. Nokon fryktar det vil gå på presisjonsnivået laus, men det er liten vits i presisjon om ikkje mottakaren forstår samanhengen. Vi vil jo nå fram med det vi skriv.
I Kommunal Rapport har vi auka bruken av nynorsk dei siste par åra. Språkbruken bidreg til nærleik mellom lesaren og stoffet. Viktigare enn om vi skriv gaten eller gata, er likevel at vi skriv eit aktivt språk, som lesarane forstår og let seg engasjere gjennom. Nokon oppnår lettare dette med bruk av nynorsk.
Forfattar Carl Frode Tiller har nett gjeve ut ny roman på nynorsk. Han som hadde bokmål som hovudmål på skulen. Han trengte å skape avstand til det gamle og stivna, for å skrive friskt og nytt og leikent, som han nett sa til Magasinet i Dagbladet. Han er eit godt døme å strekkje seg etter.
Da eg jobba i NTB hadde vi språktest. Det er ikkje så vanleg i norske kommunar. Fokuset på språk bør uansett vere sterkt. Som ein rådmann eg akkurat intervjua sa, er evna til å kommunisere den viktigaste eigenskapen ein kan ha i ei slik stilling. Det gjev tillit og godt omdøme – eller omvendt.
I Frankrike hyrar toppsjefar skrivelærar utan at nokon får vite det, las eg i Dagens Næringsliv nyleg. Rettskriving kan vere krevjande anten det er fransk eller norsk, men kommunespråket må vere effektivt og godt.
Det ligg uendeleg mykje makt i lange saksutgreiingar. Det fins saksframlegg som knapt nokon forstår. Det er eit kjent problem at administrasjonen utviklar eit ekspertspråk, som gjer at folkevalgde kan kjenne seg dumme. Det er ikkje alltid like greitt å spørje, sjølv om ein sjølvsagt burde gjere det. Ekspertspråket var ein føresetnad for dei katastrofale investeringane i Terra-saka.
Han fekk skuleplassen, sonen min. Tida får vise kor framtidsretta dei språklege prioriteringane til Frogner-politikarane var.