Debatt

John Alvheim med fylkeskommunens fallitterklæring

Sosialkomiteens leiar John Alvheim har gått kraftig ut i NRK og sagt at den fylkeskommunale drifta av sjukehusa har spela fullstendig fallitt.

Det er sterke ord og grensar til politisk mobbing. Alvheim sjølv saman med Stortinget har gjeve rammer for sjukhusdrift her i landet. Fylkeskommunane har pådratt seg store underskot for å kunna gje folk optimal behandling innan garantiane og fylgja opp ulike vedtak frå Stortinget.

I Hordaland har fylkespolitikarane saman med dei tilsette ved Haukeland Sykehus makta å få til eit av landets mest effektive sjukehus. Premien for det er ei utilstrekkeleg finansieringsordning som Alvheim og Stortinget har bestemt, og som straffar sjukehuset økonomisk for kvar pasient dei behandlar.

Det nye med den nye reforma, er at no vil kritikken gå rett til Stortinget og ikkje indirekte, slik den til no har gjort. Då kjem Alvheim og dei andre verkeleg til å få sjå kva effektiv sjukehusdrift kostar. Dei vert stilt til ansvar for helsepolitikken, og det går nok ikkje lenge før pengesekken vert opna. For utan tilstrekkeleg med pengar, greier ikkje staten heller driva sjukehus. Det vil visa seg!

Skrevet av: Torill Selsvold Nyborg

Powered by Labrador CMS