Debatt

Har det gått over allereie?

Dei menneskeskapte klimaendringane er den største politiske utfordringa vi har, sa nesten alle politikarane for eit år eller to sidan. Så vart det stilt. Og dei fleste av oss lever som før. Er trusselen over allerede?

Tang og tare sluker CO2, les eg i avisa. Det norske utsleppet er på 51 millionar tonn kvart år. Heile 30 millionar tonn blir bunde opp i tang og tare langs norskekysten. Bra! Så treng eg ikkje lenger irritere meg over at det aukar med tang på stranda ved hytta vår. Den løyser eit problem for meg. Og eg kan køyre bil til hytta utan dårleg samvit. Tangen fangar opp «min» CO2.

Nyleg leste eg også at eg ikkje treng uroe meg for auka vannstand på hytta, om Grønslandsisen smeltar ned. Ei slik nedsmelting vil endre vektbalanse og tyngdekrafta på jordkula slik at det er på den sørlege halvkula vatnet stig.

Det er sikkert slike avisartiklar politikarane våre les også, for få snakkar lenger høgt om klimakrisa. Kanskje den har gått over allerede? Kommune- og fylkesbudsjetta viser svært få teikn på satsingar som samsvarar med det trusselbiletet politikarane våre snakka om for kort tid sidan. Visst har dei vedtatt lokale og regionale klimaplanar – ofte med kraftfulle formuleringar om mål og felles innsats. Men verkemidlane – kor er dei? Om vi skal nå måla om utsleppsreduksjonar i 2020, bør vi ikkje då snart starte innsatsen?

Ikkje trur eg heller at klima blir ei viktig sak i valkampen til hausten. Det er så mykje anna som er viktig – og som vi som veljarar gjer viktig. I Klimaplan for Hordaland 2010-2020, som eg sjølv har vore med på å lage, står det at «Vi treng politikarar som er motige, engasjerte og aktive talsmenn for eit godt klima og miljø». Visst treng vi dei – både i Hordaland og andre fylke og kommunar. Men kor er dei? Eitt er i alle fall sikkert: Dei dukkar ikkje opp utan at vi som veljarar markerer at det er slik vi vil ha dei.

I den same klimaplanen står det også at «Vi treng innbyggjarar som er medvitne til eigen energibruk og som medverkar til å redusere utslepp av klimagassar». Er eg ein slik innbyggjar? I prinsippet ja – men i realiteten? Det er lite som stimulerer eller pressar meg i dagleglivet. Bompengane i Bergen er fortsatt lave for at vi skal kunne køyre bil som før. Eg har nesten gratis parkeringsplass på jobben, og det kosta meg lite ekstra å kjøpe ein større bil no i vår. Samstundes snakkar eg varmt om kollektivtransport – som eg sjeldan brukar. Eg sorterer plast – men paradoksalt nok kjenner eg meg mest miljøvennleg etter meir plast eg leverer. Eg burde vel heller vere oppteken av å redusere plastmengden eg ber inn i huset.

Alt i alt er eg vel som folk flest. Det er eigentleg det verste: Vi er altfor mange som meg. Som forbrukarar har vi makt – som vi burde bruke. Vi burde protestere mot stadig fleire fedigmatprodukt i butikken og stadig meir unødvendig innpakning. Treng vi ferdigvispa egg til å lage omelett av? Vi burde protestere mot komfyrar, støvsugarar, printarar og mobiltelefonar som er billigare å erstatte enn å reparere. Slik kunne vi betre levd opp til ambisjonen om å gjere vårt for å redusere klimaproblema og sikre framtida for barnebarna våre. Men gjer vi det? Blir vi stimulerte til å gjere det?

Voss kommune prøver. Deira klimasatsing er ikkje berre planar i skuffene i kommunehuset. Alle vossingane har fått tilsendt ei flott brosjyre med jordnære og konkrete tips om korleis kvar enkelt i kvardagen kan bidra til å oppfylle klimamåla for Voss. Flott tiltak!

2020 er så langt fram. Men å redusere klimagassane med 30 prosent innan då – korleis i all verda skal vi klare det? Urealistiske mål, meiner mange.

– På dette områdetmå måla våre vere urealistiske, sa ein ordførar. Dei må vere noko å strekke seg etter. – Hadde vi i dag visst korleis vi skal klare det, hadde vi ordna opp for lengst, sa han. Men vi skal nok klare det, la han til. Og han fortalte om kystbefolkninga i Hordaland som alltid har levd med utfordringa om sjølv å finne nye løysingar på nye problem. Det er derfor vi bur her fortsatt, sa han. Eg vonar inderleg mine etterkomarar kan seie det same i 2050 – når dei kosar seg på hytta: Vi klarte det! Vi fann løysingane. Politikarane vågde å satse. Det er ikkje berre på grunn av tangen sin innsats at hytta ikkje står under vatn.

Powered by Labrador CMS